høst 2018: HIS-1003 Nasjonalisme, imperialisme og globalisering 1850-2000 - 10 stp
Innhold
Emnet omhandlar norsk og internasjonal historie frå utgangen av napoleonskrigane og fram til inngangen av det 21. århundret. Sentrale tema i 1800-talets historie er framveksten av dei moderne nasjonalstatane, demokratisk konsolidering, spreiing av industrialismen og europeisk imperialisme. Sentrale emne i 1900-talets historie er årsaker og verknader av dei to verdskrigane og oppkomst og avvikling av den kalde krigen. Siste del tar opp globalisering av økonomi, politikk og kultur og Noreg sin plass i denne omstillinga.Hva lærer du
Etter bestått eksamen skal studentene har følgende læringsutbytte:
Kunnskap: studenten har kunnskap om
- sentrale utviklingstrekk og endringar i perioden 1850-2000, med vekt på europeisk og norsk historie. Emnet skal vere ein introduksjon til historisk forskning og fagdebatt.
Ferdigheter: Studenten kan
- demontrere kunnskapar og evne til fagleg drøfting i mindre skriftleg arbeid.
Undervisning
Undervisninga skjer gjennom førelesingar og kollektiv rettleiing i samband med skriving av oppgåve. Omfanget av undervisninga tilsvarar ca. 40 timar. Undervisning som er gitt i løpet av semesteret, blir rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentane kan prøvast i til eksamen. Studentane blir oppmoda til eigenaktivitet, t.d. i form av kollokviegrupper.
Emnet blir gitt kvart vårsemester.
Alle emner evalueres en gang i løpet av programperioden. Programstyret avgjør hvilke emner som skal evalueres av studenter og lærer per år.
Eksamen
Følgende arbeidskrav må være gjennomført og godkjent før man kan fremstille seg til eksamen:
Arbeidskrav:
Studentane skriv ei heimeoppgåve på ca. 2000 ord som er obligatorisk for å kunne framstille seg til eksamen. Oppgåva blir vurdert til greidd/ikkje greidd, og studentane får ikkje gå opp til endeleg eksamen dersom oppgåva ikkje er greidd.
Eksamen/vurdering:
4-timars skriftleg skoleeksamen. Denne blir evaluert etter karakterskalaen A-F, der F er stryk. Det er høve til kontinuasjonseksamen ved karakteren F.
Error rendering component
- Om emnet
- Studiested: Tromsø |
- Studiepoeng: 10
- Emnekode: HIS-1003
- Ansvarlig enhet
- Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi