høst 2017:    ERN-1000 Ernæring, individ og samfunn - 10 stp

Emnetype

Emnet er for studentar som er tekne opp på bachelorstudiet i ernæring, og kan ikkje takast som einskildemne.

Studiepoengreduksjon

Du vil få en reduksjon i antall studiepoeng (som oppgitt under), dersom du avlegger eksamen i dette emnet og har bestått følgende emne(r) fra før av:

MED-1501 Medisin og odontologi 1. studieår 2 stp

Innhold

Emnet skal gi studentane ei innføring i ernæringsfaget, og synleggjera korleis ulike disiplinar jobbar med ernæring.

Første delen av emnet er ein introduksjon til menneskekroppen felles med medisin- og tannlegestudentane. Seinare blir det globale sjukdomspanoramaet knytt til over-, feil- og underernæring presentert, saman med førebyggingspotensialet. Studentane skal bli kjende med ernæringspolitikk og aktørane i matmarknaden. Viktige aktørar på mat- og helsefeltet, lover og forvaltningsnivå lokalt, nasjonalt og internasjonalt vert introduserte. Studentane skal læra enkle måtar å analysera ernæringssituasjonen på,  og kjenna til nokre førebyggjande tiltak.

Studentane skal reflektera over ulike roller mat, ernæring og eting har i samfunnet, og på denne måten ta inn perspektiv både frå ernæring/matvarekunnskap, sjukdomslære, antropologi og psykologi. Mot slutten av emnet blir det ei innføring i statistikk.


Hva lærer du

Etter at emnet er over skal studentane kunne

Kunnskapar

  • skildra hovudfunksjonen til organsystema, og korleis dei bidreg til homeostase
  • forklara korleis ernæringsarbeidet er organisert i helsevesenet, gi døme på korleis ulike faggrupper jobbar med ernæring, eller kan vera ressurspersonar i ernæringsarbeidet
  • skildra kva ein klinisk ernæringsfysiolog gjer, og gjengi hovudprinsippa for Nutrition Care Process
  • gi døme på folkesjukdomar som har samanheng med uheldig kosthald og nokre sjukdomar som medfører ernæringsproblem
  • skildra nøkkeldokument for utforminga av norsk ernæringspolitikk, og gi døme på internasjonale organ og avtalar som Noreg er forplikta etter på matområdet. Skildra aktørane på matmarknaden i Noreg
  • forklara korleis retten til mat er forankra i ulike menneskerettserklæringar (og eventuelt andre avtalar), og kva det vil seia at maten skal vera kulturelt og sosialt akseptabel, særleg med tanke på nordområda
  • skildra kulturelle og samfunnsmessige dimensjonar ved mat og måltid, og reflektera over mat som næringsmiddel, handelsvare, identitetsmarkør, sjukdomshemmar/fremjar og nyting
  • skildra statistiske data ved hjelp av dei vanlegaste deskriptive teknikkane som blir nytta på ulike datatypar, og skildra normalfordelinga og vurdera om utval er representative og oppfyller vilkår for bruk av statistiske testar

Ferdigheiter

  • bruka medisinsk terminologi knytt til kroppsplan, kroppsholer, organ/hovudstrukturar i dei ulike organsystema, og angi lokalisasjon av kroppsdelar/organ
  • gi døme på lokale, regionale og nasjonale aktørar som kan vera samarbeidspartnarar i det lokale ernærings- og folkehelsearbeidet, og gjera enkle analysar av ernæringssituasjonen
  • samtala med pasient/brukar om kosthald, gi døme på kva for  kommunikasjonsferdigheiter som blir brukte i pasientsamtalar, og korleis slike ferdigheiter kan brukast til å skapa samarbeid og struktur i samtalen
  • spesifisera hypotesar, nemna omgrep relatert til hypotesetesting og velja korrekt statistisk testmetode, og gjera utrekningar og nytta tabellar til å finna verdiar for sannsynlegheit

Generell kompetanse

  • observera, skildra og gi konstruktiv tilbakemelding av ferdigheiter når ein sjølv og andre studentar møter pasientar
  • reflektera over eigne ferdigheiter og formulera eigne læringsmål/utfordringar
  • forstå viktigheita av god dokumentasjon (journalføring etc) for godt behandlingsresultat, samhandling og forsking

Undervisnings- og eksamensspråk

Norsk

Undervisning

  • Førelesingar
  • Gruppearbeid/presentasjonar
  • Omvising/ekskursjon
  • Case
  • Lab (inkludert kjøkkenlab)
  • Intervju med pasient/brukar eller med tilsette

Praksis: Tre dagar obligatorisk praksis, ein dag på ernæringssenteret, ein dag på ei sjukehusavdeling og ein dag på sjukeheim. Denne praksisen vil også bli brukt i HEL-0700 og PROFERN.

Undervisningsspråket er i utgangspunktet norsk, men det kan bli aktuelt med førelesingar på andre skandinaviske språk eller engelsk.


Eksamen

Arbeidskrav (obligatorisk)

  • Delta i casegruppe
  • Gjennomført laboratorieøving og godkjent rapport frå kjøkkenlab
  • Delta på ekskursjonar og omvisingar
  • Godkjent refleksjonsnotat om mat og eting
  • Delta i praksis inkludert gjennomført samtale/intervju med brukar/pasient (eventuelt tilsett)
  • Delta i mentorgruppe

Eksamen

Skriftleg skoleeksamen 5 timar, vurdert til A-F. Alle arbeidskrav må vera godkjende før ein kan ta eksamen. Eksamensspråket er norsk, eventuelt dansk eller svensk.

Utsett- og kontinuasjonseksamen: Dersom nokon har gyldig dokumentasjon for fråfall på eksamen vil det bli tilbydd utsett eksamen. Dersom nokon stryk på eksamen vil det bli tilbydd kontinuasjonseksamen.


Pensum

Leseliste og pensum vil bli informert om i god tid før semesterstart

Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: ERN-1000