Industriell arkeologi - nytt emne i Tromsø
Frå hausten kan du for første gong studere industriell arkeologi ved UiT.
- Det er såvidt eg veit også einaste staden i Noreg der du kan ta eit slikt emne, seier professor Hans Petter Blankholm ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi.
Emnet er på 10 studiepoeng, blir tilbode på 2000-nivå og heiter ARK-2028 Industriell arkeologi.
![]() |
| Birtavarre gruver. Copyright: Wikimedia Commons |
Ein sterk britisk tradisjon
Fagfeltetet industriell arkeologi er særleg vorte utvikla i Storbritannia.
Naturleg nok, det var det førande landet i den industrielle revolusjonen, og dei har sterke tradisjonar for industri og materiell kuturarv knytt til industrien.
- Men me har mykje industrielle kulturminne også her, seier Blankholm.
- Gruver i Birtavarre og Sulitjelma, nikkelverk i Hamn på Senja, skiferbrot i Alta og jernverket i Salangen, for å nemne nokre.
Men ikkje berre jern-, stål- og annan metallproduksjon vil bli tematisert - også ull, skog og havressursar, som har drive spinneri, skogsdrift og prosessanlegg for fiske og kvalfangst får stor plass. Utbygginga av kommunikasjonar likeså.
Tettar eit hol i arkeologiundervisninga
På instituttet har dei hatt kompetanse både på historisk arkeologi - som konsentrerer seg om mellomalder - og på samtidsarkeologi. Dette emnet tettar på ein måte det kronologiske holet derimellom.
- Me startar attende i renessansen og går fram mot opplysningstida og den vitskaplege revolusjonen. Og så skal me sjå kva industrien har etterlate seg her.
- Me skal sjå på kva me har - og så skal me sjå på kva meir me kan gjera med det, seier Blankholm.
![]() |
| Hans Petter Blankholm - professor i arkeologi og damplokentusiast. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
- Sjølvsagt blir det eit visst overlapp med historiefaget - for samfunnskonteksten til kulturminna er viktig. Men me brukar å seia at arkeologien startar der skriftlege kjelder stoppar, og her - som i andre delar av faget - vil arkeologien kunne supplere og bidra med andre ting.
- Ikkje berre om kulturminna i seg sjølve, men kva dei kan seia oss om dei samfunna som produserte dei, seier Blankholm.
Som sjølv er ein ivrig damplokentusiast - og såleis også har ei privat interesse knytt til dette.
- Trass dagens rivande teknologiske utvikling, sluttar eg aldri å bli fascinert over den imponerande teknologiutviklinga på 1800-talet, smiler han.

%20(640x428).jpg)


