Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Då Danmark/Noreg gjorde eit vitskapleg kupp og sende Maximilian Hell til Vardø for å studere Venus-passasjen

I 1768 kom astronomen Maximilian Hell til Vardø. Hell var hoffastronom hjå habsburgarane i Wien, men var hyra av Christian 7. for at også Danmark/Noreg skulle vera med i 1760-talets store europeiske vitskapssnakkis - Venus-passasjen 3. juni 1769.

Sigrun Høgetveit Berg 14.05.2012 11:41   (Sist oppdatert: 22.05.2012 14:05)
Maximilian Hell i Vardø. Observatoriet - og midnattssola - er med i bakgrunnen. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Per Pippin Aspaas disputerer denne veka på avhandlinga si Maximilianus Hell (1720-1792) and the Eighteenth-Century Transits of Venus : a Study of Jesuit Science in Nordic and Central European Contexts.

Det er ein stor internasjonal litteratur om dei mange Venus-passasjane - altså når Venus passerer mellom sola og jorda. Aspaas sitt avhandlingsfokus har vore på Maximilian Hell si karriere som forskar - både før og etter ekspedisjonen hans til Vardø.

 - Eg har også sett på tilhøva for vitskapsutøving på Nordkalotten på 1700-talet - i Danmark/Noreg, Sverige/Finland og Russland - for å setja Hell inn i ein regional kontekst. Det har ikkje vorte gjort før - mykje av den internasjonle litteraturen om Venus-passasjane handlar om dei store franske og britiske aktørane, seier Aspaas.

1700-talet - eit vitskapleg kappløp

På den internasjonle vitskapsscenen i 1700-talets opplysningstid var det eit kappløp etter kvantifiserbare data, observasjonar og målingar. Kor lang og kor høg og kor brei var eigentleg verda? Kor langt var det mellom planetane i verdsrommet? Alle kulturnasjonar med respekt for seg sjølve ville gjerne delta i dette kappløpet, og i utforskinga av dei to Venus-passasjane i 1761 og 1769 vart det sendt forskarar på ei stor mengde ekspedisjonar rundt om i verda.

- Frankrike og England var dei førande - dei dreiv imperiebygging. Og dess lenger nord, dess betre kunne ein observere venuspassasjane, difor var det russiske forskarar i Sibir og på Kola, og svenskane sende folk til Tornedalen.

Dansk astronomi var likevel ikkje det det hadde vore med Tycho Brahe 200 år før, så danskekongen måtte hente inn ein forskar utanfrå. Men han hadde eit stort gode å tilby - midnatssolobservasjon i Vardø, noko habsburgarastronomen Hell elles ikkje ville hatt tilgang til.

Best ver i Vardø

Hell kom frå den delen av det habsburgske riket som i dag er Slovakia, men den gongen Ungarn, morsmålet var tysk og han var jesuittpater som skreiv latin. Han var ein internasjonalt anerkjent toppastronom som mellom anna hadde starta eit astronomitidsskrift. Danskekongen gjorde eit kupp. 

- Turen til Vardø vart på alle måtar vellukka. Av dei ti observasjonsekspedisjonane på Nordkalotten var det i Vardø dei enda opp med det beste veret. Målingane av avstandane han gjorde mellom Venus, jorda og sola var like avgjerande som dei kaptein James Cook gjorde på Tahiti - på andre sida av jordkloden.

Samstundes som 1700-talet var eit kappløp om kunnskap og om å ha dei beste forskarane på sitt lag, var det også ein dugnad. Astronomien var ein nettverksvitskap og det internasjonale vitskapssamfunnet på 1700-talet var eit delingssamfunn - dei delte kunnskap og data så fort dei fekk det i hende. 

- Dei ville vore gode på Facebook, bemerkar Aspaas.

- Men av di Hell hadde lova oppdragsgjevaren sin å først gje ut ei avhandling i København, tok det tid før observasjonane hans kom ut til det breie vitskapssamfunnet. Han vart skulda for å ha fabrikkert dei data han til slutt kom med, og det oppstod også usemje om kva for målingar i nord som var dei mest korrekte. Dei frå Vardø eller dei frå Kajaani i Finland - eller noko midt i mellom.

Per Pippin Aspaas. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Hell heiv seg deretter ut i ein intens og delvis uforsonleg vitskapleg debatt - som ikkje vart lettare då paven - etter lang tids kritikk av jesuittane - nedla ordenen i 1773.

- I motsetnad til mange andre jesuittforskarar som var finansierte gjennom deira eigne institusjonar, greidde Hell seg, sidan han var statsløna hoffastronom. Men han brukte mykje av dei siste arbeidsåra sine på å tale jesuittane si sak og prøve å få gjenoppretta jesuittordenen.

Arbeidet hans er vorte ståande

Samtida og ettertida sitt syn på Hell sitt vitskaplege arbeid vart også prega av desse kontroversane, men som astronom vart han rehabilitert på slutten av 1800-talet.

- Og arbeidet hans med Venus-passasjen frå 1769 er vorte ståande som svært godt, seier Aspaas.

 

Les også:





UiT på twitter