Lærarstudentane tok over Stakkevollan skole

Studentar frå lærarutdanningane ved Universitetet i Tromsø tok før påske over heile styringa med og undervisinga på Stakkvollan skole. - Eit veldig spennande innblikk i den verkelegheita som snart møter oss, fortel studentane.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.04.12 00:00 Oppdatert: 10.04.12 13:03

RolfMienna2 (640x421).jpgRolfMienna2 (640x421).jpg
Rolf Mienna har påskeverkstad med 6. klassingane på
Stakkevollan skole. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

I ei såkalla skoleovertaking får studentane ansvaret for både den administrative planlegginga og den praktiske gjennomføringa av ei skoleveke. Lillian Ballo, Christine Wik, Renate Kristine Paulsen og Magnus Langseth Kristoffersen utgjer administrasjonsgruppa - og dei har planlagt denne spesielle formen for praksis sidan november.

Ansvar for alt

- Det er den siste store eksamen før me skal ut i jobb. Me får prøve oss på alt - frå undervising og planlegging av denne, fordeling av timane på dei ulike studentane til organisering av tilsynet i utetida, fortel dei.

Det er berre spesiallærarar til stades frå det vanlege personalet. Dei andre lærarane får kurstilbod på lærarutdanninga medan skoleovertakinga varar. Men heldigvis er vaktmeistaren også der.

- Men me har gått gjennom rutiner og hatt brannøving, forsikrar dei.

- Dei kan bli gode lærarar

påskekyllingjenter (640x588).jpg

Påskekyllingproduksjonen i god gang for 
elevane som var svært fornøgde med
lærarstudentane. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Dei er flinke og kule og gjer artige ting, svarar 6. klassingane som har påskeverkstad i kunst- og handverkstimen, på spørsmål om korleis det er å ha studentar som lærarar.

I tillegg meiner elevane at studentane er greie og gode til å halde ro i klassen (sjølv om kanskje ikkje ein påskeverkstad er lettaste plassen å få verifisert slike utsegner).

- Dei kan bli gode lærarar, slår elevane fast.

- Det er jo dette yrket me gler oss til

- Skuleovertaking er noko heilt anna enn vanleg praksis, der me har ein øvingslærar med oss, og der me berre får prøvd oss i klasserommet. For kor reell kan ein gjera praksis? Me skulle gjerne hatt denne forma for verkelegheitsnær yrkesopplæring også tidlegare i studiet, meiner studentane i administrasjonsgruppa.

- For det er jo dette yrket me gler oss til. Det er variert og fleksibelt, me får leike mykje og jobbe med det me er interesserte i. Dessutan er det fint å tenkje på at me alltid kan vidareutvikle oss innanfor yrket og bli betre i noko som me likar å drive med, slår dei svært fornøgde skuleovertakarane fast.

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 10.04.12 00:00 Oppdatert: 10.04.12 13:03
Vi anbefaler