Nordiske dialektar lansert på nett
I dag vart den første fellesnordiske dialektsamlinga på nett lansert under MONS - Møte om norsk språk - i Tromsø. For første gong kan du både høyre og sjå omlag 2,7 milliardar ord frå over 200 ulike nordiske dialektar på nettet.
Det er 3. gong MONS-konferansen blir arrangert ved Universitetet i Tromsø, og fleire uttrykte glede ved å kunne lansere samlinga under MONS og i Tromsø. Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, gratulerte alle språkforskarar med den nye databasen.
![]() |
| Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen ynskte seg at den nye nordiske dialektdatabasen fører til betre nabospråksforståing. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
- Dette er ein oversiktleg dokumentasjon av norsk og nordisk språkrikdom - som er lett å bruke, slo han fast.
- Vonaleg blir det også eit hjelpemiddel for betre forståing for og av den språklege variasjonen i våre naboland, som kan gje grunnlag for betre nabospråksundervisning og større nabospråkskunnskap.
Førebels mest tilrettelagt for forskarar
Nordisk dialektkorpus er ei elektronisk samling av lyd- og videoopptak frå over 200 stader i heile Norden, i første omgang med vekt på Noreg, Sverige og Danmark. Opptaka er transkriberte og datalingvistisk handsama, og ein kan såleis søkje både på ordformer og på grammatiske kategoriar, i tillegg til ulike former for ikkje-språkleg informasjon (kjønn, alder, geografi).
Databasen legg dessutan til rette for ei rekkje forskjellige måtar å handsame søkjeresultata i etterkant og er med det eit avansert verktøy for språkforsking.
![]() |
| Janne Bondi Johannessen (UiO) og Øystein A. Vangsnes (UiT) har vore sentrale forskarar i oppbygginga av dialektbasen. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Førebels er samlinga tilgangskontrollert av personvernomsyn og mest tilrettelagt for forskarar og andre fagpersonar. På sikt vil det bli utvikla ein delvis open versjon retta mot eit generelt publikum.
- Det er ein nettstad - og på ein stad kan ein som kjent vera. Lenge, kunne Endre Mørck, leiar for Institutt for språkvitskap, fortelja, etter å ha prøvebrukt basen nokre dagar.
Korpuset er eit resultat av det nordiske samarbeidsprosjektet Nordisk dialektsyntaks. Nettverket har vore leidd frå Universitetet i Tromsø, og forskargruppa ved Universitetet i Oslo har hatt hovudansvar for den tekniske utviklinga av korpuset og annan forskingsinfrastruktur.
- Tenk også fagpolitikk!
![]() |
| Prorektor Curt Rice mana språkforskarane til å tenkje på fagpolitikk, ikkje berre fag. Foto: Sigrun Høgetveit Berg |
Under opninga av MONS nytta prorektor for forsking og utvikling ved Universitetet i Tromsø, Curt Rice, høvet til å oppildne språkforskarane til også å tenkje fagpolitikk.
- Våre humanistiske fag er under konstant press, og stadig høyrer me om språkstudium som er nedleggingstruga. Me har måtta gjera det her i Tromsø. Mange av språkfaga er ein del av "småfagsproblematikken" ved universitet og høgskular, og me som forskarar må vera med i debatten om kor mange studieprogram i språk me skal ha i Noreg.
- Og eg spør ikkje etter kva me skal svare på det spørsmålet, men korleis. Dette treng me finne ut av for å overtyde kunnskapsministeren som igjen må overtyde finansministeren om kor viktig våre fag er. Ver med og ta vår sak ut i det offentlege rommet, ba Rice.
.jpg)
.jpg)
.jpg)


