Foto: Jørn Berger Nyvoll

Institutt for arkeologi, historie og religionsvitenskap


    English flag   

Ved AHR er tre profilerte, tradisjonsrike og beslekta fag samla under same tak.

Her forskar vi på korleis samfunn blir forma og utviklar seg gjennom lange tidsperspektiv – frå dei eldste spora etter menneskeleg aktivitet, gjennom hundrevis av år med utvikling, og fram til dagens mangfaldige kultur- og samfunnsliv.

Vi tilbyr studium som på kvar sine måtar – og til saman – gir innsikt og kunnskap om samfunnet vi lever i, og ikkje minst forståing for korleis og kvifor det har blitt som det er.

Arkeologi undersøker korleis menneske levde, arbeidde og tenkte, basert på dei materielle spora dei har etterlate seg – alt frå reiskapar og gjenstandar til graver, buplassar, fangstanlegg og religiøse konstruksjonar. Til saman gir desse funna eit unikt innblikk i livet i fortida.

Historie gir solid kompetanse i norsk og internasjonal historie, med særleg vekt på nordområda. Blant fokusområda finn vi det fleirkulturelle og fleiretniske nord, og historiske relasjonar mellom dei nordiske landa – ikkje minst forholdet mellom Noreg og Russland.

Religionsvitskap undersøker religiøse tradisjonar og uttrykksformer, og gir ei systematisk forståing av religion som samfunns- og kulturfenomen. Faget gir nyttig kunnskap om korleis trusførestellingar, ritual og livstolkingar pregar både menneske og samfunn.

Saman gir fagmiljøa våre innsikt i korleis fortid, kultur og tru formar verda vi lever i – og verda vi skal vere med på å utvikle.


Fagside arkeologi

Fagside historie

Fagside religionsvitskap

 

HistLab (tidligere Registreringssentralen for historiske data)
er ein nasjonal institusjon ved UiT Noregs arktiske universitet. Hovudformålet er å transkribera historiske kjelder og gjera desse tilgjengelege for forsking.
 

Ansatte ved Institutt for arkeologi, historie og religionsvitenskap:




[Loading...]


Arrangementer


Grenser i nord i geopolitisk betydning: Russland sett fra Norden, 1826-2026

28. april     15:00     Thon Hotel Kirkenes     Kirkenes