Sjamanars kommunikasjon i steinalderen

I mørkret kom dyra ut av berget - om å snakke med rein og danse med kval i steinalderen.

Bli med arkeolog Jan Magne Gjerde tilbake til steinalderen ved Tennes i Balsfjord.

Gjerde gir oss eit innblikk i desse spora i berg, restar etter kommunikasjon der sjamanar “snakka med rein og dansa med kval”. 

Ta med lommelykt. Oppmøte kl. 1900 på P-plassen ved helleristningene på Tennes.Gratis buss fra Prostneset kl. 17.30

Troms Fylkeskommune opnar dei nyleg tilrettelagte bergkunstfeltane på Tennes. Enkel servering.

Etter opninga vert det nattvandring der ein får oppleve og sjå helleristningane i nytt lys. Arkeolog Jan Magne Gjerde vil ta oss fleire tusen år tilbake og gje oss eit glimt tilbake til steinalderen ved Tennes i Balsfjord.

Oppkritta figurar frå helleristningsfelta ved Kirkely på Tennes. Foto: Jan Magne Gjerde.

På svaberga har folk i steinalderen hugge inn reinar, elgar, niser, båtar og menneskefigurar for mange tusen år sidan. I mørkret kjem figurane særs tydeleg fram ved bruk av kunstig lys.

Vandringa går innom dei tre helleristningsfelta ved Tennes : Bukkhammaren, Gråbergan og Kirkely

Gratis buss frå Prostneset kl. 17.30 (max. 45 personer) eller ein møter opp på parkeringsplassen ved helleristningene på Tennes kl. 19.00.

Turen vil ta litt meir enn 1 time. Folk bør ha med lommelykt.

 

Arrangementet er del av Forskingsdagane som har kommunikasjon som tema i år.

Arr: Tromsø Museum - Universitetsmuseet og Troms Fylkeskommune.

Velkommen til små og store!

Når: 23.09.14 kl 19.00–20.30
Hvor: Tennes (Gratis buss fra Tromsø)
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig:
Legg i kalender