Kva skal me eigentleg med musea?

Nokon vil kanskje kalle dei gamle og nedstøva, fulle av snurrepiperiar som ingen bryr seg om. Men musea er essensielle for både samfunna og korleis me forstår oss sjølve.

– Me spelar ei viktig samfunnsrolle, og me er med på å fortelje historiene om oss, Og ikkje berre historiene om det som var, men om notida og framtida, seier Lena Aarekol. Ho er direktør for Noregs arktiske universitetsmuseum, òg kjent under det gamle namnet Tromsø Museum.

Støvsuga samlingar

portrett av ei kvinne utandørs på Svalbard
STOLT: Lena Arekol er direktør for jubilanten Foto: Karine Nigar Aarskog / UiT

Å kalle muséet nedstøva er på ingen måte rettvist synest ho. Tvert om, det dei kanskje gjer mest av er å halde støvet unna. Unna dei 2 millionane objekt i samlingane, unna fakta og forteljingar frå fortida, og unna den blodferske forskinga som produserast både på museet sjølv og på heile universitetet.

– Museet er ikkje ein stad kor tida stoppar opp, slår Aarekol fast.

Jubilanten Tromsø museum vart starta i 1872 av geologen Karl Pettersen, saman med botanikaren Johannes Musæus Norman. Dei to ønskte å etablere eit varig, vitskapeleg nærvære i nord – eit permanent forskingsmiljø som kunne skildre den nordlegaste landsdelen og dei arktiske områda.

No, 150 år seinare, har museet vore ein del av UiT Noregs arktiske universitet i 50 år, har fire besøksstadar, omkring 200.000 besøkjande kvart år og har nesten 80 tilsette, kor halvparten av dei er vitskapeleg tilsette. Forskinga er delt i ein naturvitskapeleg og ein kulturhistorisk del, og dei jobbar breitt, både saman og med resten av UiT og andre institusjonar i inn- og utland. Samstundes har universitetsmuseet òg formelle oppgåver, som til dømes å gjere arkeologiske undersøkingar i samband med vegprosjekt i heile Nord-Noreg.

Musea skal tene samfunnet

Brita Brenna frå Universitetet i Oslo er Noregs einaste professor i museologi. Ho har vore professor II hjå universitetsmuseet og har òg lang fartstid i styret. Ho seier at eitt av dei fascinerande trekka ved museum er at dei i så stor grad endrar seg – dei samlar, forskar, og vender seg mot publikum på stadig nye måtar, i takt med samfunnsutviklinga. For musea har vore, og vil halde fram med, å vere viktige:

– I den internasjonale museumsorganisasjonen ICOM sin definisjon på kva eit museum er, står det mellom anna at musea skal tene samfunnet, og forske, samle, konservere, fortolke og stille ut materiell og immateriell arv. Det er ope for publikum, tilgjengeleg og inkluderande, og bidreg til mangfald og berekraft. Det er klart det er viktig, seier ho.

Ei kvinne viser fram ei veske i eit museumsmagasin
DESEMBERNATT I 2017: Professor Trude Fonneland viser fram objekt i kultursamlinga. Foto: Julia Brekmo

Fakta skal forteljast

Eit universitetsmuseum pliktar å ta vare på og byggje opp samlingar, samlingar som må systematiserast og gjerast tilgjengelege for publikum – det som på museumsk kallast formidling. Når 6000 skuleelevar besøkjer museet kvart år, når museet arrangerer strikkekveld eller føredrag om fugleinfluensa, eller når tusenvis av turistar kjem for å lære om Noreg, då fortel museet historia om menneska, naturen og oss sjølve.

luftfoto av busetnad foran ein fjord og fjell
"NYTT" MUSEUM: Tromsø museum i 1962. Foto: Fjellanger Widerøe / Perspektivet Museum / Creative commons

– Både når ein snakkar om natur og kultur er me ein historieforteljar, og vår forteljing handlar jo gjerne om den regionale og nordlege historia, seier Aarekol.

Brenna trekkjer òg fram den gode forskinga på kultur- og naturhistoria til Nord-Noreg, som har vore viktig på alle nivå – òg internasjonalt. Men framfor alt handlar museum om å gje rammer:

– Ein skal ikkje undervurdera kor viktig museet har vore, og framleis er, lokalt, som ei felles referanseramme der fleire generasjonar har fått undervisning og opplevingar. Der ungar i alle aldrar har fått nye og skjilsettjande inntrykk av alt frå insekt til joik og den geologiske historia til jorda, seier museologen.

Universitetsmuseet samarbeider òg med andre museum i nord, og er i mange høve ein ressurs og ei kompetansehjelp for dei, til dømes for konservering. Men dei har òg lange tradisjonar for å samarbeide med foreiningar som til dømes Tromsø Soppforeining som har soppsjekk kvar haust. Andre samarbeid skjer stadig med Ornitologisk foreining, Arktisk foreining, husflidslaga, Norske Kveners Forbund, Norsk-russisk foreining og mange andre.

– Museet er både ein arena og ein aktør. Me gjev mange ein plass å vere, og me er ein arena kor forsking møter publikum, seier Aarekol.

Musea er ikkje nøytrale

mann og jente i eit museum
POLAR HISTORIE: Imponert far og dotter på Polarmuseet Foto: Marius Fiskum

Mange vil kanskje seie at museum er nøytrale forum for uomtvista kunnskap, ein stad kor ein møter fakta med stor F og sanning med stor S. Men Aarekol er tydeleg på at universitetsmuseet skal ha ein plass i samfunnsdebatten og at dei skal provosere, vekkje, nyansere og opplyse. Men det skal alltid liggje god forsking og vitskap i botn.

– Me vert kanskje oppfatta som ein nøytral arena, men me gjer jo val når me lagar utstillingar. Me har ofte nokon perspektiv me ønskjer å få fram, seier ho.

Som døme trekkjer direktøren fram to av utstillingane som pregar museet no i jubileumsåret. Kven er du når verda brenn? gjev nyanserte perspektiv på livet for heile breidda av nordmenn under andre verdskrigen. Nokon ofra seg, andre handla kanskje for seint, og nokon tente pengar på samarbeid med okkupasjonsmakta. Den nye utstillinga på Polarmuseet, Polarhistoria på skeiva syner, i Skeivt kulturår 2022, at bragdene i polarhistoria ikkje berre vart gjort av heterofile, kvite menn, men at historia har like mange nyansar som samfunnet har.

Musea er skattar

Slik er museet både ein kunnskapsbank og ein sentral produsent av ny kunnskap. Ein stad kor ein kan sjå samlingane i ein kontekst. Ein stad kor samlingane får meining, så ein kan sjå korleis dei er relevante for notida. Ein stad kor ein kan sjå samanhengen mellom naturen og den menneskelege sivilisasjonen. Ein stad kor me kan sjå fortidas mistak, så me slepp å gjere dei på ny.

– Og ikkje minst, skal me syne samfunnet korfor me treng eit universitet, legg Aarekol til.

– Universitetet, og heile samfunnet, har ein skatt i museet.