24. SØR-AMERIKA

Lengst sør i Sør-Amerika er klimaet så tøft at plantane derifrå også klarer seg hos oss.

Lerkeurten/the redmaid Calandrinia caespitosa

Lengst sør i Sør-Amerika er klimaet så tøft at plantane derifrå også klarer seg hos oss. Men dei høge sørbøkene (Nothofagus) blir berre buskforma i den nye sør-amerikanske dalen vår. Her står også korgplante-busken Chiliotrichum diffusum, og vi prøver ut den berømte apeskrekken (Araucaria araucana) frå verdas eldste bartrefamilie.

Oppe på haugane er det fire gaukesyre-artar (Oxalis) frå patagonske steppeområde som stortrivest hos oss, men blomstrane er berre opne i solskin. Fleire artar frå den sør-amerikanske slekta tøffel (Calceolaria) klarer seg også. Dei har oljekjertlar istaden for nektar i den ballongliknande underleppa. Vi har fem artar lerkeurt (Calandrinia), noko vi har eit forskningsprosjekt på, sidan dei pr. i dag elles blir oppfatta som ein art med varierande blomsterfarge.

Skjermplantane i Patagonia er spesielle ved å vere puteforma som respons til dei ekstremt kraftige vindane. Ny forskning viser at dei kan ha oppstått på Antarktis før dette kontinentet var kraftig nedisa og at slekta Azorella må splittast opp.