23. NEW ZEALAND

New Zealand, Madagaskar og Ny-Kaledonia er verdas eldste øyer (ca. 80 mill. år), og alle har eit unikt utval av dyr, fuglar og plantar.

Cushion forget-me-not (Mysosotis cf. pulvinaris) - ein minneblom/forglemmegei

New Zealand, Madagaskar og Ny-Kaledonia er verdas eldste øyer (ca. 80 mill. år), og alle har eit unikt utval av dyr, fuglar og plantar. Fjelldanninga på New Zealand er derimot relativt ung, og fjellplantane likeså. Men dei har primært utvikla seg frå den eldre låglandsfloraen frå det antarktiske florariket. Dei virkar derfor eksotiske for oss, som slekta gråkryp (Acaena) med krokpigga fruktar, og den rare skjermplanteslekta Aciphylla med grove, sylforma blad. New Zealand blei isolert før pattedyra var viktige på jorda, og har ikkje eingong pungdyr som Australia. Det var istaden kjempefuglar som var beitedyr. No er alle desse utrydda, men beiteforsvaret i blada hos Aciphylla-plantane eksisterer enno.

Nokre nordlege plantar har spreidd seg dit med langdistansespreiing, og det er fleire artar søte (Chionogentias) og minneblom/forglemmegei (Myosotis). Den kvite M. cf. pulvinaris er ein flott puteplante hos oss. Men på New Zealand er det ikkje store, flygande insekt med fargesyn, så desse blåblomstra slektene har mista fargene, og artane som har utvikla seg på New Zealand har stort sett fått kvite blomster.