22. AFRIKA

Utruleg nok så kan vi dyrke ein del afrikanske plantar ute året rundt i Tromsø.

Middagsblomsteren/the ice plant Delosperma basuticum

Utruleg nok så kan vi dyrke ein del afrikanske plantar ute året rundt i Tromsø. Desse kjem frå Sør-Afrika og det lille landet Lesotho som ligg ‘midt’ inni Sør-Afrika, pluss frå Marokko. Men dette er kun plantar frå høge fjellstrok. Frå Marokko er det slekter vi kjenner att frå Europa, slik som valmuen Papaver atlanticum. Men Sør-Afrika har vore geologisk og klimatisk stabilt pluss isolert lenge, og har derfor utvikla ein eksepsjonelt høg og eksklusiv biodiversitet. Det lille området rundt Cape Town er eitt av verdas seks florarike.

Samlinga vår inkluderer bla. den sukkulente middagsblomsteren Delosperma basuticum, den rosa tvillingsporen Diascia anastrepta og den blå og gule korgplanteslekta Felicia. Vi har også nokre fargerike eitt-åringar som vi må fornye årleg viss dei ikkje sår seg sjølv.

Den gulblomstra puteplanten Draba atlantica frå Marokko var den aller første arten som blomstra i Hagen våren 2013.