21. KAUKASUS

Kaukasus er den høgste fjellkjeden i Europa med Elbrus-toppen på 5642 m.

The bellflower species/klokkearten Campanula choruhensis from East Turkey/frå Aust-Tyrkia.

Kaukasus er den høgste fjellkjeden i Europa med Elbrus-toppen på 5642 m. Hovudfjellkjeden går langs grensa mellom Russland og Georgia og aust til Azerbaidsjan. Ein mindre fjellkjede i det sørlegaste Georgia gjennom Armenia og litt inn i nabolanda kallest ofte for Lille Kaukasus. Kaukasus har veldig stort etnisk og språkleg mangfald, og det same gjeld biologien. Området har godt over 6000 artar blomsterplantar, og 40 % er endemiske, dvs. dei veks berre her. 

Låglandet rundt Kaukasus er dominert av halvørken og steppar, men sjølve fjella er like fuktige som våre. Kaukasus-plantar frå over og under skoggrensa på 2400 m er derfor vanlegvis lette å få til i Tromsø. Vi dyrkar talrike artar blåklokke (Campanula), fleire Primula, Saxifraga og Gentiana. Mange gule rublom-artar (Draba) er veldig dekorative puteplantar i sprekker i mai, medan den store, lysfiolette kaukasus-skabiosa (Scabiosa caucasica) dominerer på seinsommaren.

Ein del artar frå tørrare område lenger sør i Tyrkia dyrkest i den brattaste sør-skråninga, og blir kanskje utskilt som ei eiga Tyrkia-samling ein gong i framtida.