18. ARKTIS

Arktis er tundralandskapet nord for den polare tregrensen.

Polarnyresoleie Ranunculus wilanderi

Arktis er tundralandskapet nord for den polare tregrensen. Men enkelte tre når så vidt inn i Arktis, og nokre av desse står på vollen mot sør og i den naturlege skogen ovafor Bot. hage.

Temperatur, berggrunnskjemi, rabb-snøleievariasjon, jordstabilitet og naboskap til evolusjonssentra er dei viktigaste faktorane som forklarer planteutbreiing i Arktis. Vi deler no den store Arktis-samlinga vår inn i 20 undertema for å illustrere desse faktorane. Lengst i sør har vi t.d. sibirske og amerikanske artar, og i den kalde nordskråninga ved fossen dyrkar vi seine snøleie-artar. Reinroser (Dryas) og valmuar (Papaver) er blant dei mest påfallande arktiske artane. Nokre arktiske artar som kantlyng (Cassiope tetragona) når sør til Nord-Noreg, men ikkje lenger sør.

I samlinga har vi også over 30 artar i sikringsdyrking (‘ex situ-bevaring’). Det gjeld dei aller sjeldnaste artane frå Nord-Noreg og Svalbard, slik at Noreg skal ha genmateriale i bakhand viss noko kritisk skulle skje med populasjonane i naturen. Den aller sjeldnaste er polarnyresoleie (Ranunculus wilanderi), i heile verda kun kjent frå ein lokalitet på Svalbard, der det berre er ± 50 individ!