17. LEVANDE FOSSIL

Kol- og oljelaga frå karbontida for 300-350 mill. år sidan er i stor grad danna av restar etter 15- 30 m høge tredannande kråkefotplantar og sneller.

Lusegras/northern firmoss (Huperzia selago)

Kol- og oljelaga frå karbontida for 300-350 mill. år sidan er i stor grad danna av restar etter 15- 30 m høge tredannande kråkefotplantar og sneller. Då var det ingen konkurranse frå dei treslaga vi kjenner i dag.  No er det berre 15 artar snelle (Equisetum) att i verda. Ein av desse er skavgras (E. hyemale) som vi her dyrkar i ein stor koloni. Det hemmelege våpenet til arten er ekspansjon med underjordiske utløparar. Til hage-eigarane si skrekk gjeld dette også den mindre, men meir aggressive åkersnella (E. arvense).

Men det er kråkefotplantane som er dei absolutt eldste høgare plantane på jorda. Nyare studiar har kartlagt heile genomet hos lusegras (Huperzia) og funne ut at halvparten er ein genetisk ‘rest’ frå mosane. Dei sistnemnde har ikkje leiingsvev, tørkar heilt ut og er veldig primitive landplantar. 

Blant dei eldste gruppene blomsterplantar finn vi hjartetre (Cercidiphyllum). Dette er det vanlegaste fossilet i ca. 40 mill. år gamle bergartar ved Longyearbyen. I dag er det berre to levande artar att i små areal i Kina og Japan.