16. SILDREFAMILIEN

Samlinga vår av artar i slekta sildrer (Saxifraga) kan vere verdas største utandørssamling, sidan mange av desse fjellplantane dyrkes under tak lenger sør.

Raudsildre/purple saxifrage (Saxifraga oppositifolia)

Samlinga vår av artar i slekta sildrer (Saxifraga) kan vere verdas største utandørssamling, sidan mange av desse fjellplantane dyrkes under tak lenger sør. Sildrefamilien (Saxifragaceae) omfattar også breiblada slekter sentrert i Nord-Amerika, som Boykinia, Heuchera og Micranthes, den siste med fleire norske representantar oftast omhandla som Saxifraga.

Tidleg om våren dominerest samlinga av alle dei eviggrøne puteplantane i raudsildre-seksjonen (Porphyrion) - vi har ca. 60 av artane pluss kultivarar. Seinare kjem hagesildrene og artane i tuvesildre-seksjonen, for så å bli avløst av bergfrue-seksjonen (Ligulatae). Dei siste har kraftige eviggrøne rosettar, og bergfrua (S. cotyledon) vart vald til Noregs nasjonalblomster allereie på 30-talet. Rundt inngangspartiet med syrinar dyrkest fleire andre seksjonar, bla. skuggesildre-seksjonen (Gymnoptera), som er lett også i varmare klima. Dei gulblomstra artane i myrsildre-seksjonen (Ciliatae) er derimot ein spesialitet hos oss. Vi har ca. 20 artar og dei er nesten uråd å få til i sør. 

Fleire entusiastar som Ole Olsen, Beryl Bland, Peter Smith og Ger van den Beuken bidrog under oppbyggingsfasen av samlinga.