15. ALPANE

Samlinga vår frå Alpane inkluderer også plantar frå nabofjellkjedene Pyrenéane og Karpatane.

Edelweiss (Leontopodium alpinum)

Samlinga vår frå Alpane inkluderer også plantar frå nabofjellkjedene Pyrenéane og Karpatane. Nokre plantar frå fjell i Sør-Europa står dessutan samla i enkelte mini-hauglandskap.

Alpefloraen er veldig rik, og isolerte område rundt det store brearealet under istidene fungerte som evolusjonssentra. Alpane har dei fleste fjellplantane som veks hos oss, pluss eksklusive grupper som alpeklokker (Soldanella), auriklar (Primula seksj. Auricula), og alperoser (Rhododendron, eigen subseksjon). Av andre kan vi nemne den berømte edelweiss (Leontiopodium, mange artar også i Himalaya-samlinga), nellikar (Dianthus), soleier (Ranunculus) og anemoner (Anemone). Kubjeller (Pulsatilla) blomstrar veldig tidleg om våren, medan søter og sildrer frå Alpene for det står i sine eigne samlingar hos oss. 

Det er mange klokke-artar (Campanula) i Alpane. Den avvikande to-årige, gule arten C. thyrsoides får så seg sjølv i eit hjørne saman med valmuar (Papaver), der det riktignok er den sibirske P. croceum som har tatt over dominansen.