14. SØTEROTFAMILIEN

Den viktigaste slekta i Gentianaceae-familien er søterot (Gentiana), med vel 300 artar, mest i fjell på den nordlege halvkula.

Gentiana hexaphylla

Den viktigaste slekta i Gentianaceae-familien er søterot (Gentiana), med vel 300 artar, mest i fjell på den nordlege halvkula. Vi hadde 84 av desse i samlinga i 2012. Søterot (G. purpurea) er i sin eigen seksjon av raudaktige til gule høgstauder saman med gulsøte (G. lutea). Men dei mest kjente hageplantane er dei knallblå artane med store, klokkeforma blomster i alpesøte- (Ciminalis) og kinasøte-seksjonane (Kudoa). Dei første blomstrar om våren, dei siste om hausten, i Tromsø heilt til starten av november! Frigidae-seksjonen er tøff, og ofte blassgul. To artar veks i Arktis og ein annan art går opp til 6200 moh. i Kina. 

Vår eiga lille knallblå snøsøte (G. nivalis) er eitt-årig og er i sin seksjon (Calathianae) saman med den fleirårige vårsøta (G. verna) frå Mellom-Europa. Dei fleste andre norske artane er to-årige og har blitt overførte til nabo-slekter. 

På nordsida av haugen dyrkar vi naboslekta Swertia med stjerneforma blomster i meir duse farger og med store nektarblad som tiltrekkjer seg masse insekt.