11. SUKKULENTAR

Sukkulentar er plantar som er i stand til å overleve lange tørkeperiodar ved å lagre vatn i oppsvulma, overjordiske plantedelar.

Taklauken/the houseleek Sempervivum montanum

Sukkulentar er plantar som er i stand til å overleve lange tørkeperiodar ved å lagre vatn i oppsvulma, overjordiske plantedelar. Dette kan vere i stengelen som hos kaktus, eller i blada, som hos bergknapp eller taklauk. Tre slekter hardføre sukkulentar er dei viktigaste for eit nord-norsk klima. Bergknapp (Sedum) har tre viltveksande artar i landsdelen og nokre kan bli ugrasaktige i hagar. Vår eiga rosenrot (Rhodiola rosea) er ein berømt medisinplante, men Hagen samlar også på utanlandske representantar. Nokre av desse brukest mot høgdesjuke i Tibet, omtrent som cocablad i Andesfjella.Dei vakre taklaukane 

(Sempervivum og Jovibarba) veks i sørlege delar av Europa og aust til Iran, og er kjempelette viss dei dyrkest veldig tørt. 

Overraskande nok så er det ganske mange kaktus-artar som er vinterherdige. Vi klarer å halde nokre av dei i live nokre vintrar, men vinterfukt er eit problem sjølv i dei brattaste skråningane hos oss.