6. PRIMULA
Primula (dei norske artane kallest nøkleblom) er hovudslekta i nøkleblomfamilien (Primulaceae).
Primula longipetiolata |
Primula (dei norske artane kallest nøkleblom) er hovudslekta i nøkleblomfamilien (Primulaceae). Plantane dannar fleirårige tuver av mange bladrosettar, og har vakre, fargerike blomster på bladlause stenglar. Dei fleste artane liker lange vintrar og kjølege somrar og slekta er eit sats-ingsområde hos oss. Primula har ca. 460 artar og er vidt utbreidd på den nordlege halvkula, med 6 artar i Noreg, men det store artssentret er Himalaya og serleg nabofjella i Kina.
Vi organiserer samlinga vår etter seksjonane, med den reint europeiske aurikkel-seksjonen (Auricula) på hovedhaugen, der vi no har 21 av 25 artar. Den velduftande ville aurikkelen (P. lutea) er ein av foreldreartane til hageauriklane som står i store felt i Tradisjonshagen. I den fuktigare skråninga nedafor fossen står den eksklusive snøprimula-seksjonen (Crystallophlomis), også vårplantar og ein spesialitet for hagen vår med mange artar som er uråd å dyrke i varmt klima. På seinsommaren kjem dei meir storvaksne artane i augustprimula-seksjonen (Sikkimenses) langs bekkeløpet og etasjeprimulaene (Proliferae) i nordaust-skråninga.
Smånøkkelslekta Androsace består av mindre puteplantar og står i sprekkene i Androsace-haugen som er konstruert av tsjekkarane David Holubec og Petr Hanzelka som ei etterligning av ein lagdelt, vertikalstilt bergknaus.