Blomstringsvarsel 2022

I Tromsø arktisk-alpine botaniske hage blomstrar det gjennom heile sommaren og hausten! Her finn du varsel om kva for artar som blomstrar og er ekstra fine i hagen akkurat no. Vi har god plass, det er gratis inngang og åpent 24 timer i døgnet heile veka. Velkomen på besøk!

Blomstringsvarsel 2022-7, 25. aug. →

Tromsø arktisk-alpine botaniske hage –

GÅ IKKJE GLIPP AV:

1.   Verdas største søtesamling. No dominerer frynsesøte frå (Gentiana septemfida) frå Kaukasus, og søtesøstrene (Swertia-artar) på nordsida. Dei siste har store, skålforma nektarier, er fulle av humler og veps no på hausten; her i S. kingii på oversida av Himalaya, planten har stått der sidan 1991.

2.   Høgstaudar overalt i Hagen! Riddarspore- (Delphinium) og hjelm-artar (Aconitum) er det mange av, og i soleiesamlinga er dei vel 3 m høge takka vere ‘frau’ (= husdyrgjødsel), og gangtunnelen mellom dei er imponerande.

3.   Tradisjonsplantesamlinga er også på topp no. Her, også i Alpesamlinga, er det mykje av ein rar skjermplante, stjerneskjerm (Astrantia major), inntil 3 m høge mjødurtartar og mange fleire.

4.   Ved inngangen til sildresamlinga blomstrar Micranthes mandchuriensis, ei sildreslekt som er vanskeleg å dyrke i varmare klima.

5.   Saxifraga imparilis. Like innafor den forrige, representant for den aust-asiatiske gruppen Irregulares, kor nedre kronblad er mykje lengre enn dei andre. Før dyrka vi ingen slike her i nord, men no sjølvsår denne seg.

6.   Calceolaria mexicana. Eitt-årig, meksikansk plante med sitrongule blomster ved inngangen til S-Amerika. 

Last ned blomstringsvarslet i word-format her:

Blomstringsvarsel 7-2022

Blomstringsvarsel 6-2022

Blomstringsvarsel 5-2022

Blomstringsvarsel 4-2022

Blomstringsvarsel 3-2022

Blomstringsvarsel 2-2022

Blomstringsvarsel 1-2022