UNESCO vil sikra kunnskap om tradisjonsbåtar

UNESCO har skrive den nordiske klinkbåttradisjonen inn på lista over den immaterielle kulturarven i verda. Det er ein milepæl og ei stadfesting over at det internasjonale samfunnet verdset klinkbåtarven vår, og at kunnskapen må sikrast i framtida.

  • Av viserektor ved UiT, Sveinung Eikeland og direktør for Norges arktiske universitetsmuseum, Lena Aarekol

  • UiT Noregs arktiske universitet tek plass i den lange køen av gratulantar. Dette er ei stor hending for nordisk samarbeid. For første gong har UNESCO fått ein nominasjon frå eit samla Norden. Alle dei nordiske landa har stått saman om arbeidet, inkludert er samiske og kvenske miljø. Og alle dei nordiske kulturdepartementa skreiv under på nominasjonen. 14. desember 2021 blei ein stor dag for nordiske styresmakter, frivillige organisasjonar og fagmiljø.

Kunnskapen er skjør

Vi følgde den høgtidlege innskrivinga i Paris med digitale helsingar frå den norske ambassadøren til UNESCO og OECD og frå Forbundet Kysten. Sistnemnde har drege denne lange prosessen som altså no er i mål.

Det er likevel minst like viktige mål framover. Den nordiske klinkbåten er solid, men kunnskapen er skjør. Båtbyggjarane blir eldre, og rekrutteringa er låg. Det immaterielle kan ikkje vernast på same måte som gjenstandar. Her er det hovud som veit, og hender som kan. Vi må vidareføra kunnskap og praksisar, frå menneske til menneske.

Fellesskapet sin arv

Kulturminister Anette Trettebergstuen understreka i si helsing den breie forankringa dette arbeidet krev framover. Ho drog også fram at det lange arbeidet med nominasjonen hadde fått til dette. Ein immateriell kulturarv høyrer såleis til i fellesskapet, og blir utvikla der. Ho sette pris på at også utdanningsinstitusjonar hadde fått ein plass.

UiT Noregs arktiske universitet har, med utgangspunkt i kunnskap om nordlandsbåten,  gjennom fleire år førebudd seg på å ta ei rolle i dette framover.  Ei båtbyggjarutdanning på universitetsnivå vil kunna komplettera ei mengde andre fellesinitiativ for å følgja opp UNESCO sitt vedtak. Noreg bør i framtida ha professorar i trebåtbygging, seglmaking eller repslagarfaget, som i andre handverk.

I dag gratulerer vi. Framover har vi alt meldt oss for styresmaktene for å delta i dialogar om det breie samfunnsløftet som skal til for å oppfylla målsetjinga i vedtaket frå Paris.