Blomstringsvarsel 2021

I Tromsø arktisk-alpine botaniske hage blomstrar det gjennom heile sommaren og hausten! Her finn du varsel om kva for artar som blomstrar og er ekstra fine i hagen akkuart no. Vi har god plass, det er gratis inngang og åpent 24 timer i døgeret heile veka. Velkomen på besøk!

Blomstringsvarsel 2021-8, 29.september→ 

 

GÅ IKKJE GLIPP AV:

1. Ulleungdo-rogna (Sorbus ulleungensis). Det rare namnet har den etter sin einaste vekseplass på ei lita vulkansk øy aust for Korea-halvøya. Der er det subtropisk om sommaren, men kald sibirsk luft om vinteren gjer at den er hardfør hos oss. Planten ved Primula-fossen har verdas finaste haustfarge no!

 

2. Virginiahegg (Prunus virginiana) med heilt mørkeraude blad no. Den står vis-avis Primula, der fleire artar har fin 2. gongs-blomstring no, serleg Primula amoena på ryggen nært vegen mot nord.

 

3. Andre rogne-artar med nydelege haustfarger. Det er serleg i Himalaya-samlinga, og inkluderer verdas minste rogn, Sorbus poteriifolia, mot nord på nedsida av samlinga.

 

4. Ein veldig rar plante rett ved sida av den forrige. Den liknar på ei slags sjøstjerne, men er frå 3500 m høgde i Kina. Den er i same slekt som vår fjelltistel, og kom som Saussurea stella. Men den siste døyr etter blomstring, medan vår plante har utløparar og mykje smalare blad. Den er ikkje beskrive i ny spesial-litteratur og kan faktisk vere ein ubeskriven art. 

 

5. Søtesamlinga. Kinasøte-gruppen held på å ta over for frynsesøtene og vil blomstre til ut i november med knallblå blomster.

 

6. Den sitrongule, eittåringe tøffelblomsteren Calceolaria mexicana lengst ned i Sør-Amerika.

 

7. Ubeskriven, knallblå laukart i lauk- og knoll-samlinga rett sør for kashmirrogna.

Tekst og foto: Arve Elvebakk, Norges arktiske universitetsmuseum

Følg denne vekas Facebook-video lagt ut av Martin Hajman: 

 facebook.com/tromso.arktisk.alpine.botaniske.hage/videos

Last ned blomstringsvarsel i word-format her:

Blomstringsvarsel 2021 - 1

Blomstringsvarsel 2021 - 2

Blomstringsvarsel 2021 - 3

Blomstringsvarsel 2021 - 4