Samisk kultur og historie

Riddu Riððu.
Foto: Mari Karlstad.
Illustrasjon av Johan Turi, frå Muitalus Sámiid birra.
Reinsamling i Silvetnjargga, Jøkelfjord. Foto: Ivar Bjørklund.

 

Våre forskingsprosjekt byggjer på deltakande observasjon, intervju og analysar av arkiv og samlingar. Kunnskap tek form gjennom samhandling og relasjonar og vert skapt intersubjektivt i forskingssituasjonen.

 

Forsking på samisk kultur og historie og urfolksspørsmål er sentrale forskingsfelt ved seksjon for kulturvitskap, og seksjonen representerer den største forskargruppa ved UIT knytt til desse tema. Dei ulike teoretiske tilnærmingane til feltet reflekterast i disiplinar som kulturstudiar, museologi, geografi, historie, sosialantropologi, arkeologi og musikkvitskap. Aktuelle forskingstema omfattar samisk historie, forskingshistorie, ressursforvalting, religion, kulturarv, turisme, fotografi, film og tradisjonell musikk (joik) i ei etno-politisk ramme. Deler av forskinga byggjer på deltaking i internasjonale prosjekt (NFR, ERC, Nordforsk) og samarbeid med Sámi Allaskuvla og Nord Universitet. (Cathrine Baglo, Ivar Bjørklund, Trude Fonneland, Ola Graff, Jukka Nyyssönen, Rossella Ragazzi og Dikka Storm).

 

Relevante forskingsgrupper; The Societal Dimensions of Sámi Research, Creating the New North, Indigenous Religion(s), Contact Zones: Critical Cultural Heritage, Artistic Practice and Anthropology