UiT | Labyrint Nr. 2 - 2013 - page 19

A
rtikkelen startar med ei skildring av
ei kveldsvandring før forfattaren
kjemheimog sovnar. Nestemorgon
finn han to forteljingar på nattbordet. Han
les dei og tykkjer dei er gode, skjønar at det
er han sjølv som må ha skrive dei, men veit
ikkje når. Utover i artikkelen tek han med
lesarane på ei assosierande detektivjakt for
å få klarheit i det heile, og gjennom tolking
av forteljingane finn han ut korleis han har
kome til å skrive dei: i søvne i natta som var.
Eit oppgjer med realisme og
naturalisme
– Artikkelen vart trykt i første num-
meret av Samtiden og er ein av Hamsuns
mest leste sakprosatekstar. Det blir sett på
som eit litterært manifest, seier Atle Tord
Nordøy. Han er stipendiat i allmenn littera-
turvitskap og skriv på ei doktoravhandling
om Hamsuns kortprosatekstar.
– I teksten tek Hamsun eit oppgjer med
realismen og naturalismen – og det libera-
listiske menneskebiletet, der mennesket
er prega av rasjonelle val. Hamsun ville
heller utforske alt me ikkje kan forklare av
menneskelege haldningar. Å søkje i sitt eige
ubevisste var ein måte for han å finne san-
ninga på, seier Nordøy.
Men kva er det ubevisste?
Hamsun var av dei første forfattarane som
braut med det rådande litteratursynet på
siste halvdel av 1800-talet. Han blir kalla ein
tidleg modernist, men interessa for drau-
mar og det ubevisste låg likevel i tida også
før Hamsun, mellom anna med tenkjarar
som Nietzsche, Schopenhauer og von Hart-
manns Philosophie des Unbewussten.
Og nettopp ved å gje det ubevisste
sjelelivet merksemd, til dømes ved å tyde
og tolke draumane våre, meinte Hamsun
me kunne få tilgang til erfaringar som
diktinga ikkje tidlegare hadde vektlagt. Ein
kritikk mot Hamsuns programerklæring har
likevel vore at han aldri seier tydeleg kva
det ubevisste er.
– «Fra det ubevidste Sjæleliv» kom til
dømes ti år før Freud med psykonalysen for
alvor gjorde draumetyding til eit tema. Men
der Freud var vitskapsmann med eksakte
definisjonar, tydde Hamsun heller til meta-
forar – dei velkjende «blodets hvisken og
benpipenes bønn», fortel Nordøy.
Kva det er å vera menneske
– Hamsun ville med litteraturen vera med
i den samtidige debatten om kva det er
å vera menneske. Teksten er såleis ikkje
berre interessant som programerklæring,
men også aktuell for oss i dag.
– Hamsun dyrka på ingen måte det irra-
sjonelle, men syner oss korleis det ubevis-
ste kan behandlast rasjonelt. Å få tilgang til
det ubevisste handlar ikkje berre om å gjera
subjektive dykk i eigne draumar, men om
observasjon av handlingar og relasjonar.
– Sjølv om me særleg i vitskapen lett fell
tilbake til eintydige karakteristikkar, minner
han oss på at det formålsstyrte mennesket
som gjer klare, rasjonelle val kanskje ikkje
finst, avsluttar Nordøy.
Kjelder:
Knut Hamsun,
Fra det ubevidste Sjæleliv
. (1890).
Atle Nordøy, Å se verden: Tolkingsbevegelser i
Hamsuns kortprosa.
Hamsun i Vesterålen 2012.
19
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
Hamsun drøymde fram ­
ny litteratur
I «Fra det ubevidste Sjæleliv» presenterer Knut Hamsun ein forfattar som skriv heilt og fullt i søvne.
Med denne artikkelen frå 1890 – og ikkje minst romanen Sult frå same året – opna Hamsun for fullt
dørene til det irrasjonelle i oss alle.
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg
Knut Hamsun. Foto: Nasjonalbiblioteket.
1...,9,10,11,12,13,14,15,16,17,18 20,21,22,23,24,25,26,27,28,29,...52
Powered by FlippingBook