UiT | Labyrint Nr. 2 - 2013 - page 29

stemmerett
I år er det 100 år sidan kvinner fekk
allmenn stemmerett i Noreg. Det blir feira og
markert, belyst og kommentert. Mellom anna
på den store nasjonale kvinnekonferansen som
UiT arrangerte i slutten av august, der kvinners
deltaking i og på den politiske arenaen, både
nasjonalt og internasjonalt, var temaet.
Éin av innleiarane på konferansen var pro-
fessor i historie, Gunnar Thorvaldsen. Han er
leiar for Registreringssentralen for historiske
data (RHD), ei av universitetets skattekister.
Det er nemleg der dei gjer folketeljingane i
Noreg digitalt tilgjengelege. Dei kan såleis for-
telja oss ikkje berre at kvinner fekk stemmerett,
men også kven og kor – kven si oldemor og
kven si tippoldemor som faktisk var med og la
stemmesetelen i urna i Tromsø og i Vardø, 1907
og i 1913. Vel, i alle fall nesten.
– Det finst ikkje dekkande lister over dei
som hadde rett til å stemme, og endå mindre
over dei som faktisk stemte. Men, me har etter-
kvart utvikla ein metode som tek oss nærare ei
reell avgrensing av dei opplysningane me finn i
folketeljingane, fortel Thorvaldsen.
Ugifte og ubemidla stod utanfor
Til kommunevalet i 1907 fekk nemleg kvin-
ner over 25 år statsborgarleg stemmerett ved
census, slik dei hadde fått ved kommunevalet
i 1901. Det tyder at kvinner med ei årleg inntekt
– 400 kroner i byen og 300 kroner på landet –
fekk stemme. Stemmeretten galdt også viss
ektemannen oppfylte krava. Ugifte og ubemidla
stod altså framleis utanfor – og noko av tanken
bak det, var at ein skulle yte noko i form av
arbeid for å få rett til noko.
– I 1910-folketeljinga finst det opplysningar
om yrke for alle personar. I 1911 sende Statis-
tisk sentralbyrå ut spørsmål til likningskontora
i landet og fekk attende inntektsdata om desse
ulike yrka – både for kvinner og menn, i bygd
og by, fortel Thorvaldsen.
– På bakgrunn av yrkesinformasjonen frå
1910 og gjennomsnittsinntektene for dei ulike
yrka frå 1911, sjekkar me kven som kunne hatt
stemmerett i 1907. Nokon ville sjølvsagt hatt ei
anna stand og stilling i 1907 enn i 1910, men me
kjem rimeleg nært den potensielle veljarmassen
med denne måten.
– Til dømes kan me sjå korleis Elen Dor-
thea Bang må ha hatt stemmerett då ho døydde
i 1911. Ho budde i Rektor Steens gate 13 i
Tromsø og var gift med skipsførar Karl Bang.
Styrmenn hadde i 1911 ei minsteløn på 600 kro-
ner og tente årleg 1759 kroner, så ho kom godt
innanfor. Marte Sofie Isaksen i Nordreisa, deri-
mot, som også døydde i 1911, kan ikkje ha hatt
stemmerett. Mannen hennar, Jørgen Danielsen,
var gruvearbeidar i Salangen, og Marte hadde
nok ikkje høve til å dokumentere inntekta hans
der ho budde i Nordreisa.
Systemet stod for fall
Ei av årsakene til inntektskartlegginga frå 1911
var census-stemmeretten – styresmaktene ville
sjå korleis inntektskravet slo ut for veljarmas-
sen. Dei fann ut at den årlege inntekta for kvin-
nelege tenarar på landsbygda var 206 kroner og
i byane 395 kroner – og dermed virka systemet
etter intensjonane, konkluderte dei med. Ei av
dei politiske grunngjevingane for den inntekts-
avgrensa stemmeretten var nemleg at ein ikkje
skulle kunne stemme når ein var økonomisk
avhengig av andre, for då kunne ein bli uheldig
påverka.
Men systemet virka ikkje så godt i praksis,
fortel Thorvaldsen – det vart store urimelege
skilnader.
– Inntektene var for det første svært ulike
frå region til region. På grunn av sesongfiskeria
var gjennomsnittsinntekta større i nord enn i
fiskeridistrikta på Vestlandet, og såleis hadde
fleire stemmerett her oppe. 300 kroner på Aust-
landet betydde ikkje det same som 300 kroner
i Tromsø.
– Og tenk deg ein by som Tromsø, der
bygrensa på denne tida gjekk heilt inn til byga-
tene. Budde du på den eine sida av gata og tente
380 kroner kunne du ikkje stemme, men budde
du rundt hjørnet, altså utanfor bygrensa, og
tente 330 kroner kunne du stemme. Flytta du
over gata kunne du med andre ord miste stem-
meretten.
– Dette vart umogeleg å handheve, og det
29
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
Den tidlege kampen for kvinners stemmerett var internasjonal – og med stort lokalt
engasjement. Kven var dei første kvinnene som stemte, og kva saker var det som
mobiliserte dei? Og korleis blir kvinnestemmer høyrde i dag?
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg
Kvinnestemmer
gjennom 100 år
30
1...,19,20,21,22,23,24,25,26,27,28 30,31,32,33,34,35,36,37,38,39,...52
Powered by FlippingBook