Nytt tidsskrift frå Botanisk hage!

CASSIOPE

 


Tre aurikler med opphav i Finnmarkshager. Foto: Arve Elvebakk.

Tromsø arktisk-alpine botaniske hage lanserer akkurat no eit nytt tidsskrift som heiter CASSIOPE. Tidsskriftet er oppkalt etter kantlyng, ein plante som ikkje finnest sør for Nordkalotten, og som har det vitskapelege namnet Cassiope tetragona. Første heftet omhandlar gamle nord-norske hageauriklar, dei fargerike plantane som alle våre oldemødre hadde, men som no i stor grad er borte. Førsteforfattar Brynhild Mørkved har samla inn over 120 av desse med hagehistorie i Nord-Noreg frå før 1940. Dei dannar ein fantastisk fargeprakt om våren, og dei mest distinkte får no norske namn med basis i si nord-norske kulturhistorie, som tromsøaurikkel, lebesbyaurikkel, jennyaurikkel, mosjøaurikkel, gammeldagsaurikkel og lyngsaurikkel.

Tidsskriftet er primært publisert på nettet, men trykte versjonar vil til dels også vere til sals lokalt.  Utgåvene vil vere temanummer, komme uregelmessig med eit-par nummer om året og nokre vil vere på engelsk. Valmuesøstre, arktiske planter og botaniske ekskursjoner i Troms er sannsynlege framtidige temaer.

Her kan du lese første utgave av CASSIOPE digitalt!

Download Cassiope vol. 2 in pdf-format here