Ultima Thule
Ultima Thule
Ultima Thule er Universitetsbiblioteket si samling av eldre trykksaker (hovudsakleg frå før år 1900) som omhandlar nordområda i vid forstand. Samlinga inneheld m.a. reiseskildringar, ekspedisjonsrapportar, eldre forskingsarbeid, skjønnlitteratur, kart, polarhistoriske framstillingar, skildringar av samane, m.m. Litteratur om Antarktis inngår også i samlinga.
Samlinga er lagra i Universitetsbiblioteket sitt spesialmagasin. Det er mogleg å låne eit avgrensa antal titlar frå samlinga til bruk på lesesalen.
Sjå oversikt over materiale i Ultima Thule-samlinga i Oria.
Ta kontakt med Andreas Klein for meir informasjon om Ultima Thule-