Illustrasjonsbilde

Urfolksrommet

Urfolksrommet English flag

Kultur- og samfunnsfagbiblioteket har eit eige rom som kallast for Urfolksrommet/Álgoálbmotčoakkáldat. Her finn du urfolkssamlinga, der vi har samla størsteparten av bøkene våre med urfolksrelevans. Samlinga har stor tematisk spennvidde, men alle bøkene har altså ei eller anna tilknyting til urfolk – til dømes språket bøkene er skrivne på eller tematikken dei behandlar. Urfolksrommet er plassert i tredje etasje i biblioteket i det sørvestre hjørnet. Vegg i vegg finn vi Ultima Thule-samlinga, som i hovudsak inneheld sjeldne bøker og anna materiale om og frå nordområda.

Ta kontakt med Erlend Hagan for meir informasjon om urfolksrommet. Han er fagansvarleg for samisk og urfolksstudiar.

chat loading...