Illustrasjonsbilde

Kolsrudsamlinga

Kolsrudsamlinga English flag

Kyrkjehistorikar Oluf Kolsrud (1885–1945) var professor ved universitetet i Christiania/Oslo og ein ivrig boksamlar, særleg av forskingslitteratur innan historie, religion og språkvitskapane. Han meistra ei rekkje språk, m.a. norrønt, latin, kyrkjeslavisk, finsk, samisk, russisk og polsk. Han samla svært målretta særtrykk av tidsskriftsartiklar, religiøse pamflettar og lokalhistorisk litteratur utgjeve i hans eiga samtid, i tillegg til sjeldne antikvariske verk om m.a. reformasjonen og om kyrkjehistoriske tilhøve i ei rekkje land. På slutten av livet sitt overtok han i tillegg boksamlinga til teologen Sigurd Odland, som vesentleg dekkjer eksegetisk faglitteratur. Heile samlinga kom etter at Kolsrud var død til Nord-Noreg, nærmare bestemt Sentralbiblioteket for Nord-Noreg i Tromsø. Tromsø kommunale bibliotek og byarkiv har framleis ein del av titlane etter Kolsrud i samlinga si, men etter at Universitetsbiblioteket vart etablert på 1970-talet, hamna brorparten av titlane her.

Kolsrudsamlinga og Odlandsamlinga er no registrerte og er i eit eige, avlåst, klimaregulert rom i Psykologi- og jusbiblioteket. Dokument frå samlinga kan lånast til bruk på lesesalen. Det er også mogleg å bestille digitale kopiar herfrå.

Ta kontakt med Marianne Kaldager for meir informasjon om Kolsrudsamlinga.

chat loading...