Illustrasjonsbilde

Ultima Thule

Ultima Thule English flag

Ultima Thule er Universitetsbiblioteket si samling av eldre trykksaker (hovudsakleg frå før år 1900) som omhandlar nordområda i vid forstand. Samlinga inneheld m.a. reiseskildringar, ekspedisjonsrapportar, eldre forskingsarbeid, skjønnlitteratur, kart, polarhistoriske framstillingar, skildringar av samane, m.m. Litteratur om Antarktis inngår også i samlinga.

Samlinga er lagra i eit eige, avlåst, klimaregulert rom på Kultur- og Samfunnsfagbiblioteket. Det er mogleg å låne eit avgrensa antal titlar av gongen til lesesalslån ved å vende seg i skranken mellom kl 8 og 15 på kvardagar.

Ta kontakt med Per Pippin Aspaas for å avtale lengre besøk/omvisingar i Ultima Thule.

chat loading...