UiT | Labyrint Nr. 2 - 2013 - page 30

trur eg kvinnesaksforkjemparane visste og
brukte aktivt. Dei gjekk med på 1907-avgjerda
som eit kompromiss og skjønte at systemet var
som ei mogen frukt som snart kom til å falle,
seier Thorvaldsen.
Ei djup kløft mellom klassane
Kampen for kvinnestemmeretten starta som
ledd i ein allmenn frigjeringskamp utover
1800-talet. Dei første kvinnesaksaktivistane
voks fram i USA, England og Frankrike – og
den internasjonale kampen gav fort gjenklang i
Noreg. Fleire ulike foreiningar vart stifta rundt
hundreårsskiftet, men det var Landskvindes-
temmeretsforeningen (LKSF) som var den før-
ande krafta. Ho var stifta av mellom andre Gina
Krog og Fredrikke Marie Qvam i 1898, og fekk
i 1900 ei avdeling i Tromsø. På det første mas-
semøtet meldte det seg inn 99 kvinner og etter
vedtaket om avgrensa kommunal stemmerett
for kvinner 11. mai 1901, møtte 90 medlemer
dagen etter til improvisert fest, skriv Kari Ner-
drum Tangen i hovudoppgåva si i historie om
kvinnestemmerett i Tromsø frå 1977.
– Det var eit sterkt engasjement også her
nord. I 1901 var det trass alt mindre enn 50 %
av kvinnene i byane og 10 % på landsbygda som
nytta den kommunale stemmeretten sin. I lys av
det er det fantastisk å tenkje på at i Vardø stemte
75 % av kvinnene – og Anna Sophie Gundersen
og Nikoline Larsen, begge frå Venstre, kom
inn i kommunestyret, fortel professor i histo-
rie Randi Rønning Balsvik, også ho deltakar på
Kvinnekonferansen.
Fremst i kampen i Tromsø gjekk Thora
Halvorsen, som på Høires liste vart vald inn i
kommunestyret i 1904. Ho og dei mest aktive i
stemmerettskampen i Tromsø var, som i andre
delar av landet, kvinner frå borgarskapet. Så
då Socialdemokratene sette opp mangeårig
medlem i LKSF og redaksjonssekretær og de
facto redaktør i avisa
Nordlys
, Jenny Garfjeld,
på stortingsvalslista si, vart det uro i stemme-
rettsforeininga og redsle for splitting. Garfjeld
vart ikkje vald.
– Det gjekk ei djup kløft mellom middel-
klassen og arbeidarklassen som spegla seg att
også i kvinnestemmerettsspørsmålet. Det var
ingen overordna lojalitet kvinnene imellom når
det kom til kor stemmene skulle gå. Men det er
heilt klart at kvinner vart mobiliserte på mange
av dei same sakene. Den organiserte kvinne-
rørsla sprang ut av dei nettverka som kvinner
bygde i foreiningar som var danna for felles mål
– det ser me både i USA, Storbritannia og her
heime i Noreg. På 1800-talet stod først kampen
mot slaveriet sterkt, sidan vart det fråhaldssaka
som mobiliserte kvinner – ikkje minst har me
mange døme på det i fiskeværa langs kysten her
nord, fortel Balsvik.
Ein internasjonal kamp
I Stemmerettsjubileet har den aktive professo-
ren vore rundt svært mange stader og snakka
om stemmerettskampen for hundre år sidan, og
ho er særskilt oppteken av å understreke korleis
kampen her heime var del av ein internasjonal
kamp.
– Historia vår blir så ofte framstilt innanfor
nasjonale rammer. Men både ideane, organise-
ringa og den praktiske kampen gjekk føre seg
gjennom sterke nettverk som vart danna i Nor-
den, i Vest-Europa og USA.
– Den banebrytande innsatsen suffragettene
i Storbritannia gjorde ved å tematisere kropp,
seksualitet og all den tabu som var knytt til dette
i viktoriatidas England – og som gjorde suffra-
gettene delvis avskydde – plukka kvinner som
Katti Anker Møller opp her heime. Det var eit
enormt mot som skulle til for å begynne å ta
opp spørsmål om bruk og misbruk av kvinne-
kroppen, barnefødslar og syfilis. Utan kvinners
stemmerett og deltaking hadde aldri dei sakene
som fram mot 1920 resulterte i utbetra sosial-
lovgjeving og dei såkalla «Castbergske barnelo-
ver», som lovfesta omsorg og rettar også for
ungar som var fødde utanfor ekteskap, kome på
dagsordenen, seier Balsvik.
Kvinnene vann fram gjennom å danne nettverk over landegrensene. Her frå ein nordisk kvinnekongress i Universitetets gamle festsal i Oslo, 1902. Foto: Worm-Petersen.
Nasjonalbiblioteket.
30
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
AKTUELT
1...,20,21,22,23,24,25,26,27,28,29 31,32,33,34,35,36,37,38,39,40,...52
Powered by FlippingBook