UiT | Labyrint Nr. 2 - 2013 - page 31

Framleis underrepresenterte
Finst det så liner frå stemmerettsengasjementet
hundre år sidan til i dag? Me spør valforskar og
statsvitar Marcus Buck:
– Ja. Den nordnorske samfunnsvitaren Stein
Rokkan snakka om fire
tersklar
eller
barrierar
for underrepresenterte grupper si deltaking i
det politiske systemet:
Legitimering
, at kvinner
fekk rett til å tala i politiske forsamlingar;
inkor-
porering
, at kvinner fekk stemmerett;
represen-
tasjon
, at kvinner vart valde til Stortinget og
til sist
utøvande makt
, at kvinnene gjorde sitt
inntog i regjeringa og oppnådde sjølve statsmi-
nisterposten.
– Når me ser på desse barrierane og kor-
leis kvinnene har brote dei samanlikna med
menn, er det ei tydeleg line frå kampen for
kvinneleg stemmerett til at kvinner framleis er
underrepresenterte i styre og stell. Spørsmålet
er om dette berre skuldast eit etterslep, altså
at kvinner ei gong i framtida vil vera like godt
representerte på alle nivå som menn, eller om
det skuldast eit slags sosialt «tak» som gjer at
kvinner aldri vil vera hundre prosent likestilte
med menn i politikken, seier Buck
Kvinner og menn har bytt plass
Når det gjeld valdeltaking er det i dag knapt
nokon målbar skilnad mellom kjønna,
men færre kvinner blir valde til stortinget,
kommunestyre og fylkesting, sjølv om mange
parti opererer med kjønnskvotering på listene.
– Ein grunn til dette kan vera at kvinner
er opptekne av andre typar saker enn menn.
Medan mannlege veljarar og politikarar i større
grad er opptekne av økonomi, utanriks- og
forsvarsspørsmål, er dei kvinnelege motstykka
deira noko meir opptekne av spørsmål knytt til
barn og helse, seier Buck.
– Det er ikkje generelt grunnlag for å seia
at kvinner er mindre opptatt av politikk enn
menn, men kjønna har litt ulike prioriteringar
knytt til posisjonane deira i samfunnet.
– Det beste dømet på dette er at kvinner
og menn har bytta plass på den tradisjonelle
høgre-venstreaksen sidan krigen. Medan kvin-
nene før i tida stemte sentrum-høgre og menn
motsett, har kjønna bytta plass etter at kvinnene
gjorde sitt inntog i arbeidslivet. Eit døme er SF/
SVs veljargruppe, som i starten var dominert
av mannlege industriarbeidarar, men i dag er
dominert av høgt utdanna kvinner sysselsette i
offentleg sektor, avsluttar han.
Vil du vite mer?
Vil du finne ut kva for kvinner i slekta di som var dei
første som kunne stemme? Gå inn på Registrerings-
sentralen for historiske data (
) og leit
i folketeljingane.
Anna Rogstad (1854–1938) var den første kvinna som sat på Stortinget. Foto: Nasjonalbiblioteket.
31
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
Kvinners stemmerett i Noreg:
1901:
Både kvinner og menn over 25 år
fekk kommunal stemmerett ved census,
det vil seia at kvinna – eller ektefellen –
måtta ha ei viss inntekt; 400 kroner i byane,
300 kroner årleg på landet.
1901:
Anna Sophie Gundersen (Venstre) og
Nikoline Larsen (Venstre) første kvinnelege
kommunestyrerepresentantar i Vardø
1904:
Thora Halvorsen (Høire) første
kvinneleg kommunestyrerepresentant i
Tromsø
1905:
Folkeavstemming om unionsoppløy-
singa med Sverige. Kvinner fekk ikkje delta,
men leverte ei underskriftskampanje med
nærare 300.000 namn som ga si tilslutning
til oppløysinga (til samanlikning var det
om lag 370.000 menn som stemte ja).
Statsminister Jørgen Løvland uttalte: «Nor-
ske kvinners holdning i by og bygd i disse
dager er et smukt blad i Norges historie og
vil mektig bidra til å skaffe dem den rett de
forlanger.»
1907:
Kvinner får statsborgarleg stem-
merett med same vilkår som for den
kommunale frå 1901.
1910:
Allmenn kommunal stemmerett for
kvinner over 25 år
1911:
Anna Rogstad (Frisinnede Venstre)
første kvinnelege stortingsrepresentant
(vald som vara i 1909)
1913:
Allmenn statsborgarleg stemmerett
for kvinner over 25 år
Kjelder:
stemmerettsjubileet.no,
Kari N. Tangen, Tromsø led av L.K.S.F. med-
lemmenes arbeid for å oppnå stemmerett
for kvinner i årene 1900–1913. Hovedopp-
gave i historie. UiT 1977.
Katti Anker Møller (1868–1945) var ei av dei modige
kvinnene som først tematiserte tabuspørsmål om
kropp og seksualitet. Foto: Nasjonalbiblioteket.
1...,21,22,23,24,25,26,27,28,29,30 32,33,34,35,36,37,38,39,40,41,...52
Powered by FlippingBook