Illustrasjonsbilde

Bestill digitalisering (EOD)

Bestill digitalisering (EOD) English flag

Alle bøker i bibliotekkatalogen som er trykte før 1930 er merkte med eit spesielt symbol som betyr at boka kan bestillast som ein digital kopi om opphavsrett og tilstand tilseier det.

Dette skjer via tenesta eBooks on Demand (EOD), eit europeisk samarbeid der UiT Noregs arktiske universitet – Universitetsbiblioteket er første norske medlem.

Nasjonalbiblioteket digitaliserer allereie store delar av den norske bokarven, men det er framleis mange tusen titlar i katalogen til Universitetsbiblioteket – både norske og utanlandske – som ikkje er digitaliserte og som no kan bestillast gjennom EOD.

For tilsette og studentar ved UiT Noregs arktiske universitet er digitaliseringa gratis.

Korleis bestille ei EOD-bok
Søk opp boka i Oria. I menyen Andre ressursar finn du link til EOD-bestilling for å opne bestillingsskjemaet.

Link til EOD bestilling i Oria under menyen Andre ressurser

Bestillingsprosessen er sjølvforklarande og tilgjengeleg på fleire språk.

Bestillinga blir sendt til Universitetsbiblioteket og om boka ikkje lenger er verna av opphavsrett og den fysiske tilstanden er tilfredsstillande, vil arbeidet med digitaliseringa byrje. Boka blir skanna side for side og leverast i PDF-format og med OCR-tekstgjenkjenning der det let seg gjere. EOD-tenesta vil seie at verket blir digitalisert i sin heilskap.

Pris og levering

Leveringstid er rekna til 1–3 veker. Det vil bli sendt ein e-post når boka er ferdig digitalisert og klar til å betalast. Betaling skjer via kredittkort og deretter kan ein laste ned PDF-en.

Prisen avhenger av storleiken på boka (talet på sider). Digitalisering gjennom EOD kostar kr 100,- i startpris + 1,50 per side. For tilsette og studentar som er registrerte med UiT-e-postadresse vil prisen falle bort.

Avhengig av tilstand, format eller opphavsrett, kan det vere at den bestilte boka ikkje kan digitaliserast. Bestillinga blir då annullert og bestillar får melding.

EOD-tenesta fungerer slik at det berre er første bestillar som betalar for den digitale kopien. Etter om lag ein månad blir boka publisert fritt, og alle kan ta i bruk boka og laste henne ned.

eBooks on Demand-nettverket
eBooks on Demand (EOD) er eit nettverk som for tida består av nesten 40 bibliotek frå 13 europeiske land. Målet er å digitalisere og gjere eldre bøker frå europeiske bibliotek tilgjengelege på ein enkel måte.

Kontakt
For førespurnader og spørsmål om tenesta, kontakt: samlinger@ub.uit.no.

twitter
chat loading...