Illustrasjonsbilde

Prosjektsøknader

Prosjektsøknader English flag

Kva, kvifor og korleis

Systematiske søk – kartlegging

Handlar om å få oversikt over eksisterande forskingslitteratur på feltet. Det er eit viktig element i dei fleste søknader om forskingsmidlar, og det kan vere eit omfattande og krevjande arbeid. Enkeltforskarar og forskingsgrupper kan få hjelp av UB med systematisk kartlegging av forskingslitteratur.

Databehandlingsplan

Er ein plan for korleis ein skal samle inn og handtere data, og er påkravd i dei fleste prosjektsøknader. På UB kan du få hjelp med å skrive ein databehandlingsplan som tilfredsstillar krava til forskingsfinansiøren din, og – kanskje endå viktigare – som gjer det lettare for deg å halde oversikt over prosjektet ditt. Døme på datahandteringsplanar finn du her.

Arkivering av resultatdata

Handlar om å arkivere forskingsdata på ein forsvarleg måte og over lang tid. Forskingsfinansiørar stiller som regel krav om at data som resulterer av forskingsprosjektet dei har (del)finansiert, blir arkiverte i eigna arkiv. Det finst ei rekkje arkivtenester for forskingsdata. Les meir om arkivtenester for forskningsdata.

Prosjektsøknader

Prosjektsøknader inkluderer vanlegvis ein plan for korleis forskingsresultata skal publiserast. Ofte krevjast det no at publiseringa skal vere Open Access. Enkeltforskarar og forskingsgrupper kan få hjelp av UB til å kvalitetssikre at publiseringsplanen oppfyller krava til den eller dei aktuelle finansiørane.

twitter
chat loading...