UiT | Labyrint Nr. 3 - 2013 - page 29

språk
Tromsø har ei språkmangfaldig fortid
og ei språkmangfaldig notid. Likevel har det
vore gjort svært lite forsking på denne urbane
språklege variasjonen.
– Tromsø er den mest fleirspråklege staden i
nord og har vore det lenge. Gamalt språkmang-
fald blir no utsett for ny forsking.
Det seier Åse Mette Johansen, språkforskar
og deltakar i det tverrfaglege forskingsprosjek-
tet LAIDUA (sjå faktaboks).
Språkforskarar møter antropologar
Språkforskarane går til verket saman med ein
visuell antropolog – altså ein antropolog som
lagar film. Ikkje berre om resultatet av for-
skinga, men som ein del av forskinga. Til saman
skal språket i 16 tromsøfamiliar studerast, og til
no er det laga film frå to av dei.
Den eine filmen er frå ein familie med norsk
mor og finsk far, som begge også har lært seg
samisk, og som saman med ungane vekslar
mellom alle tre språka. Ein av dei språklege
tematikkane der er såleis revitalisering, medan
den andre filmen dreier seg om integrering.
Der møter me ein russisk familie som har flytta
til Tromsø og pratar russisk heime, medan dei
arbeider med å lære seg norsk ute.
– Og begge filmane handlar om kontinuitet
og endring i det fleirspråklege Tromsø, seier
Johansen.
Om bruk av film som metode
Under konferansen Tromsø International Con-
ference on Language Diversity i november heldt
forskingsprosjektet eit arbeidsseminar om bruk
av antropologisk film i språkforskinga.
– Det er ikkje nytt å bruke film som metode
– heller ikkje i språkforsking. Men det som er
nytt med det me gjer, er at me lagar ei narra-
tiv forteljing av det materialet me har filma frå
kvardagen til familiemedlemmane. Og narrati-
vet blir til undervegs av dei data me samlar inn
– i eit samspel mellom forskaren og familiane
som er med, fortel Sirkka Seljevold, regissør og
visuell antropolog.
– Forskinga vår spring ut av tanken om at
språk er ein menneskeleg faktor i det sosiale
livet, men språk er samstundes usynleg. Difor
er det verknaden av språk som me kan fange på
film. Me går inn i familiane sitt daglegliv og prø-
ver få tak i korleis og når språkvekslingane skjer.
Seljevold fortel at dei har snakka mykje med
familiane på førehand om korleis leggje opp fil-
minga for å få tak i nettopp dette.
– Såleis vil eg seia det er eit samarbeidande
forskingsprosjekt.
Noko Johansen er samd i.
– Dette er forsking på, for og med folk. Det er
samhandling og deling av kunnskap. Og den til-
liten me som forskarar greier å byggje opp med
forskingsobjekta våre, gjev oss eit stort ansvar.
Kampen for hjartespråket
Det ansvaret kjende Sirkka Seljevold då ho
arbeidde med filmen Hjertespråket, som kom
i 2007. Filmen handlar om Solgunn Hesjevold
frå kvenbygda Børselv/Pyssyjoki i Porsanger. I
oppveksten fekk ho ikkje snakke morsmålet sitt
på internatskulen med norske lærarar, og fin-
ske turistar lo av “gamalfinsken” hennar. I 2006
starta Solgunn på det første kurset i kvensk på
Universitetet i Tromsø, fekk etterkvart topp-
karakter på eksamen og eit vitnemål på at ho
kunne sitt eige språk.
– Det var ei sterk oppleving å følgje henne
på veg til denne verdsetjinga. Og det var sterkt
for henne. Heile året etter den første visninga på
filmfestivalen i Tromsø i 2008 snakka eg med ho
i telefonen ein gong i veka, og me har framleis
kontakt. Ho har vakse enormt, og no er kvensk
språket hennar, fortel Seljevold.
På arbeidsseminaret under språkkonferan-
sen kunne professor Leena Huss frå Uppsala
universitet fortelja at ho brukte denne filmen
mykje i undervisninga, og ho får svært ulike
tilbakemeldingar. Hjå minoritetsspråklege stu-
dentar kjem det mykje kjensler fram, medan
andre svenskar er forbausa og overraska over
at det har vore slik i fornorskings- og forsven-
skingspolitikken.
– Film er eit kraftfullt medium, og ein enkelt-
persons perspektiv kan aldri framstillast så
sterkt i ordform, meinte ho.
Kvifor film?
Film er altså både eit forskingsreiskap og eit
undervisningsreiskap, men mykje av denne
kunnskapen kunne ein fått fram også med meir
tradisjonelle forskingsmetodar. Kva er det som
gjer at film er ein særleg eigna metode for den
forskinga LAIDUA-prosjektet driv?
– Når det gjeld metode og datainnsamling
fangar film inn kunnskap også om det tause
språket i kommunikasjonen; gestar, kropps-
språk, nærleik og avstand. Samstundes kan
sjølve filmen gje tilgang til kunnskap gjennom
sansane og kommunisere kunnskap til ulikt
type publikum om kva slags rolle språk kan
spela.
– Såleis meiner me at å forske på språkleg
mangfald gjennom bruk av filmmediet har eit
stort potensiale til å myndiggjera folk og gje dei
eigenmakt. Me ser at både for godt og mindre
godt integrerte familiar er språk ei utfordring
som pregar kvardagen, avsluttar ho.
29
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
Midt i middagen står forskaren og filmar familien på fire. Praten går
på tre språk – samstundes. Film viser seg å vera ein god reiskap når
ein skal forske på det fleirspråklege Tromsø.
Tekst: Sigrun Høgetveit Berg
Forskningsprosjektet LAIDUA:
LAIDUA (Language and Identity Encounters in
the Urban Arctic),
• Forskingsprosjekt om det fleirspråklege
Tromsø
• Prosjektet tek for seg fleirspråklege familiar
• Prosjektet ser både på det tradisjonelle,
historiske og det nye, innvandra språk-
mangfaldet
• Ein av hovudmetodane i prosjektet er
antropologisk film
1...,19,20,21,22,23,24,25,26,27,28 30,31,32,33,34,35,36,37,38,39,...52
Powered by FlippingBook