Illustrasjonsbilde

Nasjonalbiblioteket (NB)

Nasjonalbiblioteket (NB) English flag

Slik får du tilgang til Nasjonalbiblioteket (NB) sine digitaliserte bøker. NB: Pensumlitteratur er ikkje lenger tilgjengeleg frå Nettbiblioteket frå og med 22. mars 2023 for studentar og brukere som må sende søknad om tilgang.

Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket gjev tilgang til digitaliserte bøker, aviser, brosjyrar og tidsskrift. Også anna materiale gjeve til Nasjonalbiblioteket er digitalisert og gjort tilgjengeleg, til dømes private arkiv og brev etter forfattarar, diverse biletarkiv, bibliografiar m.m.

Pålogging gjev tilgang til alt i nettbiblioteket, også det som er merkt Kan berre opnast i Nasjonalbiblioteket sine lokale.

Fagtilsette ved UiT får tilgang ved vanleg Feide-pålogging og treng ikkje å sende inn søknad om tilgang
Studentar, administrativt tilsette og personar med tilknytning til UiT sende inn søknad om tilgang

Nasjonalbiblioteket gjev tilgang til materiale for forsking og dokumentasjon. Ved pålogging må du difor stadfeste at tilgangen skal brukast til dette føremålet.

Etter pålogging har du tilgang i 8 timar. Om du er inaktiv i 2 timar fjernast tilgangen, og du må sende ny søknad. Du kan ikkje laste ned eller skrive ut materiale frå nettsida. Det er avgrensa tilgang til 2 brukarar samstundes per bok, og difor ikkje garantert tilgang. Prøv igjen seinare om du ikkje kjem inn med ein gong.

Framgangsmåte for å sende søknad

1. Logg inn på Nasjonalbiblioteket sine sider med Feide eller MinID.

2. Gå til søknadsskjema på Nasjonalbiblioteket sine sider.

Du må velge bibliotek du ønskjer å søkje tilgang fra:

 

Tilgang frå ditt UiT biblioteket
Vel «UiT Noregs arktiske universitet…»
Søknad sendast til ditt UiT bibliotek og du må kontakte skranken i den betente opningstida for å få søknaden behandla. Dette krev fysisk oppmøte, tilgang kan ikkje gjevast via telefon, e-post eller chat.

 

Tilgang heimanfrå
Vel «Nasjonalbiblioteket, Seksjon Publikumstjenesten, Veiledningen»
Er du hindra frå å kome til biblioteket, søkjer du direkte til Nasjonalbiblioteket, og dei behandlar søknaden din. Behandlingstider og kontaktinfo til Nasjonalbiblioteket.

twitter
chat loading...