Illustrasjonsbilde

Organisasjon

Organisasjon

Universitetsbiblioteket har 3 avdelingar, i tillegg til staben til bibliotekdirektøren. Last ned organisasjonskartet som PDF-fil.

Organisasjonskart som viser avdelingene på Universitetsbiblioteket.
Organisasjonskart oppdatert i 2022 Foto: Linnea Nordström

Staben til bibliotekdirektøren (STAB)

Ansvarsområder:

  • Felles økonomifunksjonar og personalforvaltning
  • Sekretariat for bibliotekstyret
  • Saksbehandling og utgreiingsoppgåver
  • Arkivet til UB
  • Drift av kurs- og studieadministrasjon

Alle tilsette i staben til bibliotekdirektøren.

Avdeling for publikumstenester

Avdeling for publikumstenester har ansvaret for tenester retta mot publikum. Avdelinga jobbar i særleg grad med tenester som stør undervising, læring, forsking og formidling, og er UB sitt kontaktpunkt for studentar, tilsette og anna befolkning. Avdelinga har til saman 10 bibliotek i Narvik, Harstad, Tromsø, Alta og Hammerfest. I tillegg leverer vi ei rekkje digitale tenester til forskarar og studentar på UiT.

Avdelinga har desse faggruppene:

1. Faggruppe for formidling

Ansvarsområde:

  • Formidling i biblioteka, på nett og i sosiale medium
  • Drift av utlånstenesta
  • Kartleggje brukarbehov og åtferd for å betre brukarstøttetenester og utvikle bibliotekromma
  • Publikumskontakt i skranken, per e-post, chat, TOPdesk og telefon
  • Arrangement og utstillingar

2. Faggruppe for forsknings- og publiseringsstøtte

Ansvarsområde:

  • Forskingsdata – handtering og arkivering
  • Publisering – Open Access
  • Støtte til prosjektsøknader
  • Informasjon til nye forskarar og stipendiatar

3. Faggruppe for undervisning og læringsstøtte

Ansvarsområde:

Alle tilsette i avdeling for publikumstenester.

Avdeling for samlingar

Avdeling for samlingar har ansvar for innkjøp, forvalting og registrering av litteratur, kunnskapsarkiv og biblioteksystemansvar.

Ansvarsområde:

  • Innkjøp og tilbodsprosessar
  • Mottak og katalogisering
  • Eldre samlingar
  • Digitalisering av eiga samling
  • Elektroniske litteraturressursar
  • Munin kunnskapsarkiv (masteroppgåver og doktoravhandlingar og anna eigenprodusert materiale)
  • Systemansvar og superbrukarar for Alma, Oria, Leganto, TOPdesk og UB-chatten Spør biblioteket

Alle tilsette i avdeling for samlingar.

Result

Result er ei avdeling under Universitetsbiblioteket som har særleg ansvar for å hjelpe UiT sine mange fagmiljø med utvikling av undervisings- og læringskvalitet.

Ansvarsområde:

  • Kvalifisere tilsette på det universitetspedagogiske fagområdet
  • Bidra til utvikling og bruk av digitale læringsverktøy/ressursar i undervising
  • Utvikle kvaliteten i høgare utdanning
  • Støtte til den enkelte tilsette si utvikling av eigen kompetanse
  • Utvikle prosjekt som skal gjere undervisinga betre

Informasjon om dei ulike tilboda kan du finne på Result si heimeside

Alle tilsette på Result.

chat loading...