UiT | Labyrint Nr. 2 - 2013 - page 44

Kvifor vekkjer nynorsk så sterke reak-
sjonar?
Lat meg først seia at eg trur det er eit mindre-
tal av befolkninga – totalt sett – som er sterkt
negative til nynorsk. Talet er nok høgare hjå
skuleelevar som arbeider med nynorsk som del
av norskfaget, og eg trur det er fleire grunnar til
det. For det første er det framandt for dei fleste
tenåringar i og med at dei i så liten grad har vore
eksponerte for det før dei møter det som side-
mål i 8. eller 9. klasse. For det andre har dei van-
skeleg for å sjå relevansen av å kunna nynorsk
i eit samfunn som både på nasjonalt nivå og i
deira eigen lokale kontekst er så dominert av
bokmål. Og for det tredje mistenkjer eg at meto-
dane som vanlegvis blir brukte til å læra bort
nynorsk ikkje vekkjer den største begeistringa
og åtgaumen blant elevane. I tillegg meiner eg
at elevane i stor grad arvar negative fordommar
mot nynorsk frå dei som er litt eldre – det kan
ikkje vera slik at kvart einaste kull med elevar
spontant finn ut at dei skal endra «Nynorsk ord-
liste» til «Spynorsk mordliste».
Nokre av dei same grunnane til nynorsk-
motstand gjeld sjølvsagt elles i befolkninga.
Mange forstår ikkje vitsen med at Noreg skal
halda seg med to skriftspråk.
Ei spørjeundersøking gjennomført av og
Språkåret 2013 viser at spørsmålet om
jamstilling av nynorsk og bokmål deler
landet i to. Den største tilslutninga for
ser ein rundt Oslo og på Vestlandet.
Folk i Nord-Noreg støttar det minst. Kva
meiner du dette kan skuldast?
Når ein ser bort frå Vestlandet, som er kjer-
neområdet for nynorsk, trur eg dette heng nøye
saman med utdanningsnivå. Di meir utdan-
ning, di større toleranse og aksept for nynorsk.
Oslo-området har det høgaste utdanningsnivået
i landet og Nord-Noreg det lågaste.
No er det komme ein ny læreplan for
norskfaget. Kva er kjernen i den med
tanke på sidemålet?
Det som har fått mest merksemd – og som
det knytte seg mest spenning til – er at den
gamle ordninga med eigen karakter og eksa-
men i sidemål blir vidareført. Noko som har
fått mindre merksemd, er at borna no skal lesa
tekstar på begge målformer allereie frå første
klasse og at dei skal byrja å eksperimentera med
skriving på sidemålet frå 5. klasse.
Er den nye læreplanen ein god eller dår-
leg nyheit for nynorsken?
Særleg det at elevane no skal få møta
nynorsk allereie på barneskulen – både gjen-
nom lesing og skriving – er etter mitt syn særs
positivt for nynorsken. Mindre born er mindre
Kva skal vi med
nynorsk?
Sjølv etter 128 år som offisielt skriftspråk vekkjer nynorsk
sterke kjensler i folk. Ein overdriv ikkje om ein nyttar ord
som hat og kjærleik.
Språkvitar Øystein Vangsnes
ser berre
fordelar med å læra nynorsk i skulen.
Tekst: Maja Sojtarić
46
44
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
SPØRSMÅL
|
SVAR
1...,34,35,36,37,38,39,40,41,42,43 45,46,47,48,49,50,51,52
Powered by FlippingBook