UiT | Labyrint Nr. 2 - 2013 - page 46

fordomsfulle og dei er òg meir mottakelege for
språklæring. Når dei no får møta nynorsk tidle-
gare, vil det vera lettare for dei å læra språket, og
det vil sjølvsagt bli mindre framandt for dei når
dei seinare faktisk skal prestera i emnet. Dette
vonar eg også vil bidra til å bryta ned dei nega-
tive haldningane vi så ofte ser.
Du har skrive ei bok om språkleg tole-
ranse som kjem ut seinare i haust. I den
snakkar du om «den pubertale trusse-
len» mot nynorsk. Kva meiner du med
dette?
Ei av dei største utfordringane for nynor-
sken er at så mange nynorskelevar byter til bok-
mål som hovudmål. Slikt språkskifte er særleg
utbreitt i område der nynorsken er under stort
press, slik som i dalføra på Aust- og Sørlandet
og rundt større byar som Bergen og Stavanger.
Nokre byter språk allereie på ungdomsskulen,
men det største språkskiftet skjer på vidaregå-
ande skule. Årsakene er nok samansette, men
eg meiner den språkmobbinga nynorskelevar
bli utsette for òg er sterkt medverkande. Særleg
på internettet finn ein svært mykje nynorskhets.
Eg har følgt litt med på dette på Twitter, og det
går knapt ein dag utan at det kjem mishagsy-
tringar mot nynorsk frå bokmålsskrivande
ungdom der.
Når eg snakkar om «den pubertale trus-
selen», meiner eg at den strie straumen av
negative utsegner frå pubertale bokmålselevar
er med på å mobba jamaldrande nynorskelevar
bort frå språket sitt.
Kva meiner du er vitsen med å læra
nynorsk som sidemål?
Det ligg eit stort potensiale for større reflek-
sjon omkring det norske språket, inklusive
dialektane, når ein lærer både nynorsk og bok-
mål. Sjølv om språka er svært like, er det store
nok skilnader til at ein må tenkja gjennom kva
skilnadene går ut på, grammatisk sett. Nynorsk
står dessutan i eit tettare samband til dei nor-
ske dialektane, og for mange born og unge kan
nynorsk vera ei dør inn til å forstå strukturen i
eige talemål. Men mykje heng sjølvsagt på læra-
ren og lærebøkene når det gjeld det siste.
Korleis meiner du at nynorskundervis-
ninga kan bli betre?
Det er viktig å diskutera dette i lag med
lærarstanden, men frå min ståstad på utsida av
skulen, trur eg det er viktig å nærma seg side-
målet komparativt, altså at ein legg vekt på å
læra nynorsk i lys av bokmål (og omvendt). Det
ligg også eit stort potensiale i den skriftkompe-
tansen born har i eigen dialekt: Mange stader
er det no heilt vanleg at born og unge skriv på
dialekt, og dette er ein ressurs heller enn eit pro-
blem om ein utnyttar det på rette måten. Ved
å sjå bokmål, nynorsk og dialekt i samanheng,
kan ein reflektera over skilnader og likskapar
mellom dei ulike språkformene. Dette krev eit
større fokus på struktur og grammatikk, og det
vil i så fall stilla krav til lærarane om god kom-
petanse i dette.
Kor tidlig bør born begynna med
nynorsk? Kvifor er mindre born meir
positive til nynorsk?
Det er inga nedre grense for kva tid ein
med fordel kan møta nynorsk. Ein burde byrja
allereie i barnehagen. Mindre born er ikkje for-
domsfulle mot språk, og dei er særs lydhøyre for
språkleg variasjon.
I denne samanhengen vil eg òg trekkja fram
dubbing av barneprogram som ein uting: I dei
seinare åra har vi sett ein stor auke i dubbing av
skandinaviske program for born og unge, og det
er særs uheldig. Det fråtek borna viktig trening
i å læra svensk og dansk, og jamvel engelske
program for litt større ungar burde ha original-
lyd og heller teksting på norsk. Til alle foreldre
vil eg seia at du gjer ungen din ei bjørneteneste
kvar gong du vel norsk lyd på DVD-en framfor
det originale: Tida framfor skjermen er viktig
språkstimuleringstid!
Du deltek i «Fleire språk til fleire» ved
UiT, ei rådgivingsteneste for fleirspråk-
lege familiar med informasjon frå for-
skingsfronten. Kvifor er det positivt for
born å læra fleire språk?
Internasjonal forsking dei siste tiåra har
avdekt at det følgjer ein del utviklingsmessige
fordelar med det å veksa opp med to språk.
Kort fortalt er det særleg tre fordelar som er
– Den strie straumen av negative utsegner
frå pubertale bokmålselevar er med på å
mobba jamaldrande
nynorskelevar bort
frå språket sitt.
46
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
SPØRSMÅL
|
SVAR
Nynorsk og bokmål har vore
jamstilte målformer i Noreg
sidan 1885.
Nynorsk er eit skriftspråk –
og ikkje ein dialekt.
1...,36,37,38,39,40,41,42,43,44,45 47,48,49,50,51,52
Powered by FlippingBook