UiT | Labyrint Nr. 2 - 2013 - page 47

avdekt: 1) Tospråklege born forstår tidlegare
enn einspråklege at andre menneske har andre
tankar og annan kunnskap enn dei sjølve.
Dette blir kalla mentaliseringsevne på norsk. 2)
Tospråklege born presterer betre enn einspråk-
lege i testar kor dei må planleggja, utføra og
kontrollera handlingar og skifta mellom ulike
oppgåver. 3) Tospråklege born utviklar tidle-
gare og betre metaspråkleg kompetanse enn
einspråklege (evna til å reflektera rundt struk-
turelle forhold i språket, red.anm.). For alt dette
gjeld det sjølvsagt at det er statistiske effektar
på skilnaden mellom ein- og tospråklege – på
individnivå treng det ikkje vera skilnad mellom
eit einspråkleg og eit tospråkleg barn.
Ein kan forstå at desse positive effek-
tane av tospråklegheit oppstår om ein
til dømes lærer norsk og kinesisk frå
tidleg alder. Men nynorsk og bokmål
er ganske like språk. Får ein like gode
effektar då?
For det første: Born som veks opp med
nynorsk som hovudmål, lærer også bokmål
lenge før dei får det som sidemål på skulen rett
og slett fordi dei møter bokmål overalt. Det
motsette er ikkje tilfellet med bokmålselevar.
Såleis får nynorskelevar ein annan, meir variert
– og meir solid – språkkompetanse enn bok-
målselevar.
Om dette så for nynorskelevane sin del
gir ein situasjon som kan samanliknast med
tospråklegheit i meir tradisjonell forstand, er
eit ope spørsmål. Eg er faktisk i gang med eit
forskingsprosjekt der vi vil undersøkja om
nokre av dei same utviklingsmessige effektane
kan dokumenterast også når ein samanliknar
nynorskelevar med bokmålselevar. Det finst ein
del observasjonar som motiverer eit slikt pro-
sjekt. Mellom anna er det eit paradoks at ele-
var frå det einaste så å seia reine nynorskfylket
vårt, Sogn og Fjordane, har skuleresultat heilt
i landstoppen trass i eit utdanningsnivå i den
vaksne befolkninga som ligg under landsgjen-
nomsnittet.
I eit blogginnlegg på forskning.no skriv
du at Høgre og Framstegspartiet har
vedteke ein nynorskfiendtlig politikk.
Kva meiner du med det?
Høgre og Framstegspartiet ønskjer å avvikla
dels obligatorisk opplæring i sidemål og dels
«Lov ommålbruk i offentleg teneste» (Mållova).
Dette er strukturelle ordningar som sikrar
både nynorskkompetanse i befolkninga og at
nynorsk blir brukt til ein viss grad. Å avvikla
desse ordningane vil såleis gi nynorsk ei svakare
stilling i samfunnet enn språket har i dag.
Til slutt: kva for nokre språklege for-
delar eller ulemper meiner du norske
born har som følgje av dei to språkfor-
mene?
Eg ser berre fordelar. Trening i dei to språk-
formene styrkjer den generelle språkkompe-
tansen: Alt tyder på at ein blir betre i bokmål
om ein også kan nynorsk. Det at nordmenn er
vande til språkleg variasjon er også ein styrke
for vår evne til å forstå grannespråka svensk og
dansk.
Nynorsk er ei forkorting for
nydelig norsk. Men de visste det
sjølvsagt.
@estermoe
nynorsk er virkelig det mest
ubrukelige i hele historien @
celstang
Eg spelar ikkje hard to get,
baby. Du treng berre kviskre
det i øyret mitt på standardisert
nynorsk, baby. @Heimflyttar
Klarer ikke å beskrive hvor høyt
jeg HATER nynorsk @LinnGabri-
elsen
Det er alt for lett å seie «eg
elskar deg» på nynorsk. @
Kvalshaug
NyNorsk e piss! #lei #flaut
#nynorsk
@EirikS94
Får du dårleg karakter i bokmål,
er det din eigen feil, men får du
dårleg karakter i nynorsk, er det
nynorsken sin feil? Spar meg ...
@Vegardbeid
47
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
lest på
Øystein A. Vangsnes
Forskar i språkvitskap ved UiT Noregs arktiske
universitet.
Han er UiTs medlem i Rådet for Nynorsk
kultursentrum. Han sit også i styret for
Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og
har vore leiar for Tromsø mållag. Vangsnes
deltek i det tverrfaglege forskingsprosjektet
Lærande regionar. Prosjektet undersøkjer
regionale skilnader i ­skuleresultat, og det
språkvitskaplege delpro-sjektet til Vangsnes
undersøkjer kva effekt regionale skilnader i
språkstimulering kan ha å seia.
Til hausten kjem Vangsnes med boka
Språkleg toleranse i Noreg Norge, for faen!
Foto: Maja Sojtaric
Tweet?
Tweet.
TWEET!
Ivar Aasen samla inn prøver
frå talemåla i Noreg så langt
nord som Tromsø.
1...,37,38,39,40,41,42,43,44,45,46 48,49,50,51,52
Powered by FlippingBook