Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg
2010
2009
2008
Desember
November
Oktober
September
August
Juni
Mai
April
Mars
Februar
Januar
2007
2006
2005
Feltarbeid
 
[ Logg inn ]
Printer friendly


1

ScanDiaSyn-bloggen i mars 2008


 

Föstudagur 28. mars
Informasjon om NORMS-dialektdugnaden og NLVN-forskerutdanningsseminaret på Færøyene (i august 2008) finnes nå på NORMS/NLVN-sidene. Bruk lenkene nedenfor (sidene er identiske)

Lenke til NORMS
Lenke til NLVN

- Gunnar Hrafn






 

Onsdag 19. mars
Jølster, Gard F. Vangsnes
Gard F. Vangsnes riggar utstyr på Vassenden skule (Foto: Øystein A. Vangsnes)
Denne veka har det vore feltarbeid i Sogn og Fjordane for den norske delen av ScanDiaSyn. Måndag var eg på Vassenden i Jølster og tysdag var Åshild i Stryn, nærmare bestemt ute på "nordsida" (Blakset og omegn). Med meg til Vassenden hadde eg Gard F. Vangsnes som assistent – han var òg med til Gaupne før jul. Vi la ut frå Leikanger om morgonen og køyrde opp via Sogndal og Fjærland. På vegen fekk vi eit avbod frå ein av informantane, men heldigvis klarte vi etter nokre førespurnader å finna ein erstattar – det avgjerande forslaget kom frå den første informanten. Både innhopparen og dei tre andre som stilte opp var flinke informantar som gjorde ein god jobb. Vi fekk bra med opptak, og det verka ikkje som om det var noko stort heft at dei fekk døma til spørjeskjemadelen serverte på sognamaol: Eg hadde ikkje rukke å finna fat i ein jølstring (e.l.) som kunne lesa setningane inn på det lokale målet, så eg brukte opp att dei opptaka eg hadde i Gaupne.

Ein ting eg tykte var spesielt artig, var at dei to eldste hadde dativ, i alle fall til ein viss grad. Med den eine var det slik at då han fekk avspelt dømet "Radioen vart riven ut ao bilen" (på mitt sognemål), kom det spontant tilbake "Ja ‘Radioen vart reven ut av bila’ – det må jo vera ein femmar" (altså full skår). Eg la for øvrig merke til at han sa at han "hadde noke i halsa" og fekk då konstatert at det ville ha heitt "...fått noke i halsen". Men truleg dreier det seg berre om dativ etter preposisjon – eg fekk ikkje fram nokon døme med verbtilordna dativ. Uansett er nok denne dativbruken borte frå målet til dei yngre – det var slett ikkje snakk om at dei ville seia t.d. "Han bur oppe i åsa".

Jølster, Silja Juklestad
Silja Juklestad dokumenterer dialektundersøkinga på Vassenden (Foto: Øystein A. Vangsnes)
Elles er *at spor-effekten like tydeleg som i Gaupne: Ingen godtok dømet "Kven tror du at har gjort det?". Heller ikkje det nye dømet "Kven sa du at ikkje hadde komme?" kom særleg godt ut av det. Ein skilnad frå sognemål, er at med Jølster er vi komne inn i området som kan nytta der som ekspletiv i presenteringssetningar: Både da ‘det’ og dar kan brukast, dvs. "Men då kom da/dar inn en stor(e) hund." I andre konstruksjonar med formelt subjekt blir berre da nytta, også upersonleg passiv. I samband med bruken av dar som formelt subjekt, er det potensielt interessant at partikkelinkorporering i passiv ikkje vart like godt likt av jølstringane som av lustringane. Den unge mannen godtok både "Radioen e/vart reven ut" og "Radioen e/vart utreven", men alle dei andre foretrakk variantane med partikkelen til slutt og ga høvesvis 3 og 2 som skår på dei døma med inkorporering. I Luster godtok to av fire alle eksempel, medan ein reagerte på i alle fall eitt av døma utan inkorporering. Den fjerde lustringen – den unge mannen – var meir i tråd med jølstringane og reagerte litt på inkorporeringsdøma.

Døma med manglande V2 i kv-spørsmål gjekk meir eller mindre glatt igjennom, definitivt dei to med einstava spørjeord, men også dei med meir komplekse kv-ledd. Eg høyrde også ei rekkje spontane eksempel på det siste – då eg gjorde avtale med ein av informantane på telefon i forkant, kom spørsmålet "Kor ti da blir då?" (altså ‘Kva tid det blir då?’). Så eg ser ikkje bort ifrå at vi her har eit samanhengande område oppover mot Møre der det ikkje er noka klar begrensing på spørjeordet/-frasen.

Vi vart for øvrig sjølve dokumenterte medan vi var på Vassenden. Under førebuingane var eg i kontakt med Silja Juklestad som arbeider for fotograf Oddleiv Apneseth med eit dokumentasjonsprosjekt frå Jølster, eit samtidsbilete anno 2008. Dei held no på med å intervjua menneska som bur rundt Jølstravatnet samtidig som Oddleiv tek bileta sine. Intervjua blir tekne opp som grunnlagsmateriale for ei bok frå prosjektet, og i dette ligg det potensielt mykje svært interessant dialektmateriale! Silja gjorde forresten opptak av oss òg, og så samla Oddleiv oss alle til eit fellesbilete, teke med eit antikvarisk, men heilt sikkert eksepsjonelt bra, kamera. Eg skal lika å sjå dei bileta han tok, for det var ikkje noka tradisjonell oppstilling, tett saman og breie smil – vi stod/sat med luft omkring og instruksane var nøye.
Jølster, informantar pluss Oddleiv Apneseth
Tre informantar og fotograf Oddleiv Apneseth (t.h.) på Vassenden. (Foto: Øystein A. Vangsnes)


Jølster, måne og skyar
Måne og vinterskyer over Jølster (Foto: Øystein A. Vangsnes)
Ut over besøket av Silja og Oddleiv fekk vi også litt respons på ei pressemelding eg sende ut kvelden før til lokalpressa. På veg opp til Vassenden på morgonen vart eg intervjua av ein journalist frå Firda Tidend, lokalavis for Gloppen og Jølster. Resultatet vart ein fin heilsides artikkel i dagens utgåve som kan lesast her. Åshild fekk dessutan i går besøk i Stryn av ein bladfyk frå Sunnmørsposten (forresten tidlegare medstudent av meg) – som dessuten intervjua meg på telefon i dag – så over påske kjem det ein artikkel der også. Det er liten tvil om at det vi held på med er takknemleg stoff for lokalpressa!

Det vart ein lang dag. Vi køyrde heimefrå litt over kl. ni om morgonen og var heime igjen litt over elleve på kvelden. Sjølve arbeidet med informantane varte frå kl. 13 til bortimot kl. 21, og då gjekk det i eitt. Bilen hadde på denne tida fått seg eit godt lag med snø, og på veg heim lyste ein nesten full måne opp Jølstrabygda mellom vinterskyene.

- Øystein






 

Torsdag 13. mars
The NORMS Workshop on Negation took place in Oslo yesterday and the day before. It went very well. We had a lot of interesting talks and stimulating discussions on various aspects of negation, ranging from word order via the shape of the negator to negative polarity items and from Middle Low German via Modern Flemish to Modern Italian dialects (see the programme). Oh, there were also talks on Scandinavian varieties, by the way! During the excursion to Akershus festning and the National gallery with its exhibition on mountains and the dinner at Restaurant Havsmak afterwards, the participants had the chance to get some impression of Norwegian mountain and sea life.

Eva




 

Måndag 3. mars
Piotr har sendt meg februarnummeret av Lunds universitets magasin. Der står det ein artikkel om forskinga på älvdalsk i Lund. Artikkelen kan lesast her.

- Øystein




 

Weblog Commenting and Trackback by HaloScan.com


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 08.05.2008 20:29
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål