Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg
2010
2009
2008
Desember
November
Oktober
September
August
Juni
Mai
April
Mars
Februar
Januar
2007
2006
2005
Feltarbeid
 
[ Logg inn ]
Printer friendly


1

ScanDiaSyn-bloggen i desember 2008



Torsdag 18. desember

CLARIN/Språkbank-møte
CLARIN, logo
Måndag og tysdag denne veka deltok Janne og eg på ei nasjonalt CLARIN og Språkbank-møte på Solstrand Hotel i Os utanfor Bergen. Formålet med møtet var å få i gang planleggjinga av de norske CLARIN-aktivitetane (Common Language Resources and Technology Infrastructure Network) og om muleg finna ut av synergiar mellom CLARIN og Norsk språkbank som Regjeringa no har vedteke å oppretta. Både Janne og eg holdt korte innlegg. Hovudbodskapen med Janne sitt innlegg var at oppbyggjinga av Språkbanken må vera forskarstyrt. Eg på mi side valgte å gi eit praktisk døme på kva for elektroniske ressursar som er tilgjengelege for ein forskar som meg når eg driv med mikrokomparativ grammatikkforsking. Det var mange oppfatningar og meiningar som kom til uttrykk på møtet, for mange til at det er noko vits å oppsummera dei her. Men det som er sikkert, er at det kjem til å bli brukt atskillig på infrastruktur for språkvitskap og annan humaniora i tida framover, så det gjeld å halda seg orientert.

Blogging på forskning.no
Forskning.no, logo
Eg har elles begynt som gjestebloggar på forskning.no. Det første bidraget mitt var rett og slett ferdabrevet mitt frå Sør-Troms som stod her i ScanDiaSyn-bloggen i november, medan det andre, som stod i forrige veke, tok utgangspunkt i determinativt ‘hvem’ i austnorske dialektar. No har eg akkurat skrive ferdig eit innlegg knytta til den nyheiten eg fekk frå Björn Rehnström om at Älvdalens Besparingsfond har oppretta eit stipend for ungdom i Älvdalen som brukar älvdalsk aktivt. (Innlegget ligg her.) Bloggen på forskning.no har visst mange lesarar, med over 10.000 unike brukarar innom sidan oppstarten i september, så det er jo eigentleg utruleg fint å få lov til å bruka den som formidlingskanal.

Øystein






Torsdag 4. desember

Endeleg!!!

Forskingsrådet, logo
På femte forsøket – etter fem år med søknadar – fekk vi endeleg støtte frå Noregs forskingsråd til den norske delen av ScanDiaSyn! Sjå her. Gløymt er no freistnaden til å annonsera på sidene våre at Noreg er det einaste av dei nordiske landa der det nasjonale forskingsrådet ikkje har gitt samarbeidet støtte. Og ein tek det heller ikkje så tungt at andre prosjekt ein søkte om, ikkje fekk støtte.

Janne blir prosjektleiar for "NorDiaSyn" og UiO prosjekteigar, men elles blir dette eit samarbeid mellom UiO, NTNU og UiT. Enno har vi ikkje sett meir enn ei generell melding om kva for prosjekt som får støtte, så vi veit ikkje om det blir kutt i løyvinga eller andre føringar. Uansett er det ein gledens dag!

Øystein







Weblog Commenting and Trackback by HaloScan.com



Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 08.01.2009 13:15
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål