ScanDiaSyn – Nordisk dialektsyntaks
ScanDiaSyn - Nordisk dialektsyntaks er ein
prosjektparaply der no ti nordiske
forskargrupper
samarbeider om å kartleggja og studera den syntaktiske variasjonen i
det nordiske dialektkontinuuet på ein systematisk og koordinert måte.
Dei ti
gruppene er fordelte på alle dei fem nordiske landa samt eit
sjølvstyrt område (Færøyane). Tre ikkje-nordiske grupper og ei gruppe som arbeider med finsk dialektsyntaks er knytte til
prosjektet gjennom eit NordForsk nettverk.
Forutan vitskaplege arbeid (artiklar, avhandlingar m.m.) kjem prosjektet til å resultera i den første fellesnordiske dialektsamlinga nokonsinne: Nordisk dialektkorpus. Denne blir gjort elektronisk tilgjengeleg for forskarar og andre. Ansvaret for å byggja opp dialektkorpuset ligg hjå Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo. Det er òg eit siktemål å utvikla pedagogiske oversyn på grunnlag av undersøkingane i prosjektet.
ScanDiaSyn utgjer vidare ryggraden i Nordic
Center of Excellence in Microcomparative Syntax
(NORMS) som er finansiert av NOS-HS i fem år frå
2005 til 2010 og som er administrert frå CASTL ved Universitetet i Tromsø. ScanDiaSyn-samarbeidet har elles motteke støtte frå ei rekkje forskjellige finansieringskjelder – sjå denne sida for ei oversikt.
Prosjektleiar og -koordinator for ScanDiaSyn er Øystein Alexander Vangsnes ved Universitetet i Tromsø.
Les meir om:
Du kan òg følgja med i bloggen her.
Aktuelt!
Eit oversyn over tidlegare ScanDiaSyn/NORMS-aktiviteter finst her.
ScanDiaSyn og NORMS i media:
ScanDiaSyn (inkl. NORMS) har fått ein god del merksemd i media. Nedanfor følgjer dei ferskaste bidraga om, av eller med medlemmer i nettverket. Sjå denne sida for eldre medieoppslag og -innslag. (Eller klikk ‘media’ til venstre.)
- Ofret språket til forskning, TV2-nyhetene, 4. oktober 2009.
- Radioinnslag om dialektar og dialektforskning med Øystein A. Vangsnes, P4-nyheitene, 2. oktober 2009 kl. 07.30.
- Sjekker dialekten, Avisa Fremover, 1. oktober 2009.
- “Førr nåkka jåss!", Bladet Tromsø/Harstad Tidende/Troms Folkeblad, 25. september 2009.
- Ka dialækta det va hær!, Bladet Tromsø/Harstad Tidende/Troms Folkeblad/Brønnøysunds Avis, 24. september 2009.
- Ärums å sturmyötę i Övdalim!, blogginnlegg på Forskning.no, 25. september 2009.
- Här talas älvdalska, Språket, Sveriges Radio P1, 25. august 2009.
- Ny storkonferens om språk, Mora Tidning, 21. august 2009.
- Vi såg ein svart ein hest, Brønnøysunds Avis (banett.no), 24. juli 2009.
- Ofret seg for vitenskapen, Lokalavisa Nord-Salten, 19. juni 2009.
- Ka folk de va hær!, Avisa Nordland, 10. juni 2009.
- Forskare pratade dialekt med nordvärmlänningar, Nya Wermlandstidningen 8. mai 2009.
- Hôss fôlk i bygda taaler, Värmlands Folkblad 8. mai 2009.
- Fryksdalsdialekten fingranskas, artikkel og radioinnslag med intervju med Marit Julien, Sveriges Radio Värmland 8. mai 2009.
- Dialektforskning i Sørskogbygda:
– Beklager en vanskelig prøve, artikkel om NORMS-feltarbeidet i Indre Skandinavia, Østlendingen 8. mai 2009.
- "Kanskje je kom tel væla for å sørge for at stangedialekta blir tatt vare på for evigheta?", artikkel om NORMS-feltarbeidet i Indre Skandinavia, Hamar Arbeiderblad 6. mai 2009.
- Ord blir forskerfôr, førehandsomtale om NORMS-feltarbeidet i Indre Skandinavia, Glåmdalen, mai 2009.
- Den eksotiske trønderdialekten, radiointervju med Kristin M. Eide om trøndersk syntaks, Språkteigen, NRK P2, 19. april 2009.
- Radiointervju med Karine Stjernholm og Eirik Olsen om ScanDiaSyn-feltarbeidet i Fredrikstad og ukommentert innslag fra spørreskjemasituasjon, Fredrikstad Radio 29. februar 2009
- Leter etter dialekten, Fredrikstad Blad 27. februar 2009.
- Lofotdialekten under lupen, Lofotposten 21. februar 2009.
- Forsker på nordiske dialekter (TV-innslag)
(Nettartikkel), NRK Nordnytt 18. februar 2009.
- Hvor er det man sier "E du gammel?" når man vil vite alderen på noen?, Dagbladet 14. februar 2009.
- Suopmanat jávkamin Skandinavias, Avvir 14. februar 2009.
- Nordnorske dialekter under lupen, Nordlys 13. februar 2009.
- “Steike, ka dialekta”, Bladet Tromsø, 13. februar 2009.
- – E du gammel?, NRK Nordland 13. februar 2009. (Melding sendt ut av NTB som etter kvart vart publisert i ei rekkje avisar over heile landet.)
- Ka bila de va hær!, Karlsoy.info, 13. februar 2009.
|