Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
Prosjekt (pl)
DanDiaSyn
IceDiaSyn
NorDiaSyn
SweDiaSyn
ScanLex
Stormøte 2010
Stormøte 2009
Stormøte 2008
Stormøte 2007
Stormøte 2006
Stormøte 2005
Oslo PhD Course
Arbeidsgrupper
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

Prosjekt under ScanDiaSyn-paraplyen

Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) har ei kompleks organisering. På grunn av finansieringssituasjonen er prosjektet sydd saman av fleire delprosjekt, noko som organisatorisk sett gjer det naturleg å omtala ScanDiaSyn som ein prosjektparaply snarare enn eitt prosjekt. Innanfor "paraplyen" er og blir det definert felles målsetningar, og dei ulike delprosjekta er anten retta direkte mot desse målsetningane eller kombinerer dei felles måla med eigne mål.

NOS-HS og NordForsk har vore svært viktige støttespelarar for Nordisk dialektsyntaks - ScanDiaSyn. Begge ga såkornmiddel til samarbeidet i 2003/2004, og medan NordForsk ga ei nettverksløyving for perioden 2005-2007 og sidan 2008-2009, støtta NOS-HS samarbeidet direkte med ei løyving for prosjektleiing i perioden 2005-2007. NCoE-løyvinga til NORMS kjem frå NOS-HS og NordForsk i samarbeid. NordForsk har elles gitt infrastrukturmiddel til prosjektet i 2008-2009, og NOS-HS har gitt ei løyving til delprosjektet NorDiaCorp i perioden 2009-2012.

Nedenfor følgjer ein oversikt over dei ulike delprosjekta under ScanDiaSyn-paraplyen som har eigen øyremerkt finansiering. (Individuelle doktorgradsprosjekt er ikkje tekne med sjølv om dei i nokre tilfelle kjem utanom delprosjekta.)

– NorDiaCorp – Nordic Dialect Corpus and Collaboration (støtte frå NOS-HS i 2009-2012)
– NorDiaSyn – Norwegian Dialect Syntax (støtte frå Noregs forskingsråd i 2009-2012)
Nordisk dialektkorpus og -database (støtte frå Universitetet i Oslo i 2007-2008 og frå NordForsk i 2008-2009)
DanDiaSyn – Dansk dialektsyntaks (støtte frå det danske Forskningsrådet for Kultur og Kommunikation i 2007 og 2008)
- IceDiaSyn – Tilbrigði í setningagerð (støtte frå Rannsóknamiðstöð Íslands i perioden 2005-2007)
- SveDiaSyn - svensk dialektsyntaks (støtte frå Vetenskapsrådet (Sverige) i perioden 2005-2007)
- Network for Scandinavian Dialect Syntax (støtte frå NordForsk i perioden 2005-2007 med forlening i 2008-2009)
- Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS)(støtte frå NOS-HS i perioden 2005-2010)
- ScanLex - internordisk elektronisk leksikon (støtte frå Nordens Språkråd i 2005)
Nominalfraskonstruktioner i finlandssvenska varieteter (støtte frå Finlands Akademi i 2007-2009)




Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 08.06.2009 11:35
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål | English