Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

Historikk

August 2002: Den 7. Nordiske dialektologikonferansen vert halden på Voss. I den 575 sider tjukke konferanserapporten handlar eitt av dei i alt 32 bidraga om syntaks (Gerd Eklund: "De svenska dialekternas formlära och syntax: Om sammanställning av en deskriptiv grammatik"). Artikkelen påpeiker behovet for syntaktiske dialektstudiar og diskuterer i grunnen ikkje spesifikke grammatiske fenomen.

Oktober 2002: Øystein Vangsnes vitjar Meertens Instituut i Amsterdam og får ei innføring i det nederlandske dialektsyntaksprosjektet SAND.

November 2002: Eit uformelt møte finn stad i Tromsø mellom Christer Platzack, Lars-Olof Delsing og Øystein Vangsnes der tanken om å setja i gang eit nordisk dialektsyntaksprosjekt vert lufta. Det blir beslutta å søkja NorFA om pengar til eit planleggjingsmøte. Ni nordiske forskargrupper vert inviterte til å  deltaka i samarbeidet, og alle takkar ja. Søknad om midlar til planleggjing blir sendt NorFA i desember og NOS-H i januar.

April 2003: Det første planleggjingsmøtet for "Nordisk dialektsyntaks" vert halde i Lund med representantar for alle dei ni forskargruppene til stades (den færøyske og den islandske gruppa begge representert ved Höskuldur Thráinsson).

September 2003: Vangsnes og Platzack deltek på ein ESF-støtta "exploratory workshop" om europeisk dialektsyntaks i Padova.

Oktober 2003: Det andre planleggjingsmøtet for "Nordisk dialektsyntaks" blir halde i København med støtte frå NOS-H.

Januar 2004: Workshop on Syntactic Microvariation blir organisert av Øystein Vangsnes og Jan-Ola Östman under SCL i Helsingfors. Yttarlegare planleggjingsmøter med deltakarar frå nokre av gruppene blir haldne.

Februar 2004: Höskuldur Thráinsson får midlar fra RANNÍS til å utføra eit pilotprosjekt på Island der ulike innsamlingsmetodar for syntaktisk variasjon blir testa ut.

Mai 2004: Prosjektet blir tildelt midlar frå Nordplus Språk (ca. 270.000 DKK).

Juni 2004: Midlar frå NOS-HS til prosjektleiing blir tildelt for perioden 2005-2007.

Oktober 2004: Prosjektet blir tildelt nettverksmidlar frå NorFA/NordForsk for perioden 2005-2007.

November 2004: Den svenske delen av prosjektet blir tildelt midlar for perioden 2005-2007 frå Vetenskapsrådet.

November/desember 2004: Janne B. Johannessen og Øystein Vangsnes arrangerer forskarkurset "Methods and tools for the study of grammatical variation" i Oslo.

Desember 2004: Søknaden om "Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax" går vidare til andre og avgjerande runde.

Januar 2005: Den islandske forskargruppa får midlar frå RANNIS i perioden 2005-2007 til å utføra den islandske og til dels færøyske delen av  ScanDiaSyn.

Januar 2005: Prosjektet får midlar (400.000 DKK) frå Nordens Språkråd til delprosjektet ScanLex for å utvikla eit inter-nordisk leksikon til bruk i den fellesnordiske dialektdatabasen i prosjektet.

Februar 2005: Det første ordinære prosjektmøtet for ScanDiaSyn blir halde i Lund.

Mai 2005: Søknaden om Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS) blir innvilga med ca. 465.000 EUR årleg i perioden september 2005 t.o.m. august 2010.

August 2005: Det første stormøtet for ScanDiaSyn blir halde på Leikanger med 50 deltakarar frå dei tolv gruppene i NordForsk-nettverket.

Januar 2006: Den første tematiske workshopen innanfor NORMS-prosjektet blir halden i Tromsø ("Workshop on Inversion and Verb Movement").

Mars 2006: Workshopen "Syntactic doubling in European dialects" blir halden ved Meertens Instituut i Amsterdam. Fem av bidraga er om nordisk og blir haldne av deltakarar i ScanDiaSyn/NORMS.

Juni 2006: Den første dialektdugnaden innanfor NORMS-prosjektet blir halden i Norra Österbotten.

Juni 2006: Det andre stormøtet for ScanDiaSyn blir halde i Solf, Österbotten, med 37 deltakarar frå heile NordForsk-nettverket.

August 2006: Workshopen "Syntaktisk variasjon i nordiske målføre" blir organisert av Henrik Jørgensen og Øystein Vangsnes under den 8. nordiske dialektologkonference i Århus.


Status for prosjektet?





Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 15.08.2007 13:44
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål | English