Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

Målsetjingar

Dei overordna målsetjingane med prosjektet er:

  • å på ein systematisk og samordna måte utforska den syntaktiske variasjonen i dei nordiske dialektane, eit forskingsfelt som har vore lite påakta i tidlegare dialektforsking.
  • å oppretta ein database med transkribert og tagga materiale som skal vera allmennt tilgjengeleg for forskarar og andre gjennom eit brukarvennleg grensesnitt mot internett.
  • å initiera og stimulera til teoretisk forankra forsking på dialektal syntaktisk variasjon i Norden og elles.
  • å knyta prosjektet opp mot eksisterande dialektsyntaksprosjekt i Europa og andre stader og med det auka forståinga av språkleg mangfald og mikrovariasjon generelt.
Innanfor prosjektet skal materiale samlast inn og tilretteleggjast i ein database ved Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo og gjerast tilgjengeleg for forskarar gjennom brukarvennlege grensesnitt mot internett.

Kva er eigentleg dialektsyntaks? Ta ein titt her.

Historikk

Status

Metodologi

Databasen


Spennanes
Dialekta e spennanes!




Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 28.08.2009 19:42
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål | English