Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

Metodologi

Eksisterande arkivert og digitalisert material kjem i nokon mon til å bli inkludert i ScanDiaSyn-databasen (sjå her for eit oversyn over aktuelle ressursar). Innsamling av nytt materiale er likevel heilt nødvendig for å muleggjera systematiske og koordinerte undersøkjingar av syntaktisk variasjon. Ein viktig grunn til dette er at eksisterande materiale for det aller meste er fri tale og sidan mange syntaktiske konstruksjonar og fenomen er lite frekvente i vanlege samtalar, treng ein normalt eit mykje større korpus for å utføra syntaktiske undersøkjingar enn kva som er tilfelle med studiar av fono¬logiske og morfologiske emne. Dette betyr ikkje at fri tale er heilt utan interesse for syntaksstudiar, men elisiteringsteknikkar (t.d. spørjeskjema, skriftlege og/eller munnlege oppgåver m.m.) gir ofte ein meir direkte tilgang til dei data ein er ute etter.

Eit spørjeskjema med testsetningar kjem såleis til å bli brukt på målepunkt fordelte over heile det nordiske språkområdet. Spørjeskjemaet har ein felles kjerne, men det vil også vera rom for spørsmål om konstruksjonar og eigenskapar som ein på førehand veit har ei avgrensa geografisk utbreiing. Ein klar fordel med eit felles spørjeskjema er at det, ut over å bringa fram mengder av data, vil gi direkte samanliknbare resultat i heile språkområdet.

Dette spørjeskjemaet vil alltid bli munnleg presentert til informantane, anten av ein feltarbeidar som snakkar den same eller ein liknande dialekt eller av ein lokal medarbeidar som blir trent opp av feltarbeidaren. Det er òg aktuelt å bruka ferdig innspelte opptak for å ha betre kontroll med intonasjon og anna. I tillegg til det munnlege intervjuet vil det vera både munnlege og skriftlege elisiteringsoppgåver utforma til å utløysa produksjonen av bestemte syntaktiske konstruksjonar eller gi bestemt morfologisk informasjon. Dessutan vil det ved kvart målepunkt bli gjort eit opptak med fri tale, normalt ved bruk av videokamera og (trådlause) myggmikrofonar.
   
Når det gjeld desse metodologiske sidene, er det fleire kjelder vi kan støtta oss på, ikkje minst kunnskapane til dei tilknytta nettverksgruppene som har gjennomført tilsvarande dialektsyntaksprosjekt i det italienske og nederlandske språkområdet (sjå Barbiers og Bennis 2007, Benincà og Poletto 2007). I tillegg har den islandske nettverksgruppa tilegna seg verdifull erfaring gjennom ein pilotstudie av datainnsamling gjennomført i 2004 (sjå Thráinsson 2007). Oslo-gruppa har dessutan nyleg gjennomført ei større datainnsamling til eit talemålskorpus for målet i Oslo-området (NoTa Oslo) der videoopptak blei nytta, og deira erfaring på området vil sjølvsagt også bli utnytta i ScanDiaSyn-prosjektet.
   
Når det gjeld målepunkt og representativitet kjem det til å vera noko variasjon området sett under eitt, men også her vil det vera ein felles kjerne: Ved alle målepunkt skal det minst vera ein eldre informant med lite eller inga utdanning som er oppvaksen på staden og som har budd der heile eller det meste av livet sitt.
   
I dei fleste tilfella vil det likevel vera ein mykje breiare representasjon av informantar. For det norske området er målet til dømes at kvart målepunkt skal ha fire informantar, ein ung mann, ei ung kvinne, ein eldre mann og ei eldre kvinne. Sjølv om dette ikkje er nok til å utføra truverdige sosiolingvistiske studiar av variasjon, vil det i det minste muleggjera pilotstudiar med eit slikt perspektiv. Og i det islandske delprosjektet har dei ei endå betre sosiolingvistisk dekning. Grunnen til det er at førebelse resultat syner at variasjonen ein finn på Island i mykje større grad er knytta til alder enn til geografi (sjå Thráinsson 2007). Målet for det islandske delprosjektet er difor å ha fire alderskategoriar med fire informantar kvar for kvart einskilt målepunkt.
 
Eit kriterium om lite eller inga utdanning kan vera vanskeleg å leggja til grunn i delar av Norden, særleg når det gjeld dei yngre generasjonane. Men i staden kan det vera like relevant å rekruttera talarar som har eit praktisk og lite prestisjefylt yrke. Erfaringane frå NoTa Oslo tilseier til dømes at handverkarar gjerne held seg til mindre prestisjefylte normer for talespråk trass i at dei gjerne har fleire års skulegang etter grunnskule.
   
Talet på målepunkt kjem ikkje til å vera jamnt i heile området, verken geografisk eller demografisk rekkevidde. Målet er å ha ca. 100 målepunkt i Noreg (dvs. omlag 5-6 i kvart fylke) og eit liknande tal i Sverige medan det vil vera omlag 30 punkt i Island og berre 11 i Danmark. Dialektnivellering har nok kome ulikt langt i dei forskjellige delene av Norden: Dialektutjamninga synest størst i Danmark men skjer truleg i lågare tempo i Noreg og i deler av det svenskspråklege Finland, og kor tett målepunkta ligg bør kunna sjåast i samanheng med slike faktorar.

Historikk

Status pr. august 2006

Databasen




Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 22.01.2008 11:01
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål | English