UiT | Labyrint Nr. 3 - 2014 - page 50

NYTT FRA UIT
T
romsøundersøkelsen starter
opp igjen.
Tromsøundersøkel-
sen er ei helseundersøking som
starta første gong i 1974. Etter det
har undersøkinga vore gjennomført
med jamne mellomrom, og no går
forskarane i gang med den sjuande.
Fleire tusen personer i Tromsø kjem
til og verte innkalla frå mars 2015.
UiT har vakt oppsikt i heile verda med
Tromsøundersøkelsen, og helsedata
herfrå har gitt unik kunnskap om
sjukdom og folkehelse både i Noreg
og utlandet. Det er produsert heile 90
doktorgrader på materialet så langt,
og fleire vil det bli.
R
ekordmange internasjonale
studentar.
Heile 542 interna-
sjonale studentar takka ja til
studieplass ved UiT hausten 2014.
Dei kjem frå 66 forskjellege land, og
det er fleire enn nokon gong før. 362
av disse studerer ved UiT i Tromsø,
medan 180 studentar har takka ja til
tilbod om studieplass i Alta. I år er det
Tyskland som topper lista over flest
studentar frå eit bestemt land, medan
det i fjor var dei russiskspråklige som
dominerte. I Alta er det flest russiske
studentar av dei internasjonale.
N
ye samarbeidsavtaler med
Canada.
UiT, ved rektor Anne
Husebekk, signerte i haust to
nye samarbeidsavtaler med Arctic-
Net/Université Laval og Memorial
University of Newfoundland i Canada.
Målet er meir samarbeid om forsking,
teknologi, akademisk mobilitet og
forretningsutvikling. Noreg og Canada
har mykje til felles og mange av dei
same problema og utfordringane
innanfor det arktiske området.
Foto: Torbein Kvil Gamst
Foto: Torbein Kvil Gamst
50
labyrint
kunnskapsmagasinet
fra
u
i
t
norges
arktiske
universitet
N
ytt teknologibygg tatt i
bruk.
I haust vart det nye
teknologibygget på campus
i Tromsø klart for innflytting. Det er
om lag 300 rom i det nye bygget, og
her finn ein mykje nytt og moderne
utstyr. Det er gjort plass til fleire
verkstader, ein tungreknemaskin, to
skipssimulatorar, ein ubåtsimulator
og ein flysimulator.
Teknologibygget har vore eit
sakn. Før det kom på plass var fleire
av institutta under Fakultet for
naturvitskap og teknologi lokalisert
andre stader i byen, ettersom Real-
fagbygget på campus Tromsø var
for lite til å huse alle. Det nye bygget
verker no samlande på miljøet og er
positivt med tanke på framtida. Dei
siste åra har det vore ein stor auke
i talet på studentar, frå 900 (i 2009)
til 1500 i år.
U
tvider samarbeidet med
Finnmarksløpet.
UiT kjem no
tettare på sledehundeløpet
som arrangerast i Finnmark i mars.
Nyleg inngjekk UiT og Finnmarksløpet
ein ny treårig avtale som inneber
at UiT blir elitesamarbeidspartnar.
Avtalen gjer studentar, forskarar og
tilsette ved UiT tilgang til relevante
rekrutterings- og læringsarenaer, og
Finnmarksløpet får moglegheit til å
nytte seg av den fagkompetansen UiT
representerer.
Finnmarksløpet er det lengste
hundeløpet i Europa og landsdelen sitt
største idretts- og kulturarrangement.
1...,40,41,42,43,44,45,46,47,48,49 51,52
Powered by FlippingBook