Målsetjingar
Dei overordna målsetjingane med prosjektet er:
- å på ein systematisk og samordna måte utforska den syntaktiske
variasjonen i dei nordiske dialektane, eit forskingsfelt som har vore
lite påakta i tidlegare dialektforsking.
- å oppretta ein database med transkribert og tagga materiale som
skal vera allmennt tilgjengeleg for forskarar og andre gjennom eit
brukarvennleg grensesnitt mot internett.
- å initiera og stimulera til teoretisk forankra forsking på dialektal syntaktisk variasjon i Norden og elles.
- å knyta prosjektet opp mot eksisterande dialektsyntaksprosjekt i
Europa og andre stader og med det auka forståinga av språkleg mangfald
og mikrovariasjon generelt.
Innanfor prosjektet skal materiale samlast inn og tilretteleggjast i ein database ved Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo og gjerast tilgjengeleg for forskarar gjennom brukarvennlege grensesnitt mot internett.
Kva er eigentleg dialektsyntaks? Ta ein titt her.
Historikk
Status
Metodologi
Databasen
|
Dialekta e spennanes! |
|